Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Warsaw og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByWarszawa
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen gjeld for profesjonsstudentar i psykologi, og studentar som går på eit bachelor- eller masterprogram i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. semester (valsemester) og i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Språkkrav: B2

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere og høgre grad (BA/MA) avhengig av tilbod og krav omforkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan òg reise ut i ditt valsemester (5. semester) og ta valfrie emne. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

ECTS Course Catalogue in English: Psychology, full-time, long cycle programme - University of Warsaw (uw.edu.pl)

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet blei grunnlagt i 1816, og er det største universitetet i Polen med rundt 57 000 studentar. I likskap med det meste av byen blei universitetet bomba til småstein under krigen, men det blei bygd opp att som ein tru kopi av det gamle universitetet i ettertid. Universitetet har ein brei fagleg profil, eit godt fagtilbod på engelsk, og tilbyr òg somme emne på fransk. Det har tre campusområde i ulike delar av Warszawa. Hovudcampusen ligg i sentrum av byen.

Warszawa er hovudstad i Polen og landets største by, med i underkant av to millionar innbyggarar. Av desse er 300 000 studentar. Byen ligg på begge sider av elva Wisla, på den masoviske sletta 78-121 moh. i det polske innlandet. Warszawa er eit viktig økonomisk knutepunkt i Aust-Europa. Opp gjennom historia har han blitt hardt råka av mange krigar, og han vart nesten totaløydelagd under andre verdskrig. Men ettersom han alltid har reist seg att, har byen fått tilnamnet Føniksbyen.

Bustad

Universitetet sitt internasjonale kontor har nokre studentbustader til disposisjon for utvekslingsstudentar. Det er i hovudsak snakk om dobbelrom som ein deler med ein annan student. Kapasiteten er avgrensa og tildeling skjer etter «førstemann til mølla»-prinsippet, så det lønner seg å søke tidleg.

Semesterinndeling

Oktober - februar og februar - juni.

Informasjon