Hjem
Studentsider
bilateral

China Foreign Affairs University og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 3. og 5. studieår)

  • LandKina
  • ByBeijing
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til studium ved China Foreign Affairs University må ein ha eit karaktersnitt på C eller betre.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Universitetet har ei handfull juridiske emne som vert underviste på engelsk, men ikkje nok til at ein kan fylle eit heilt semester med emne kun på engelsk. Elles er undervisningsspråket kinesisk, og for å studere ved China Foreign Affairs University er det derfor naudsynt at du kan kinesisk godt.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga) eller spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga og 2021-studieordninga).

Du vel blant emna som dei kinesiske studentane tar som del av sin juridiske grad. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Fordi Kina ikkje har eit einskapleg nasjonalt grads- og creditsystem, varierer det frå universitet til universitet kor mange credits fakultetet vurderer at tilsvarar 30 norske studiepoeng.

Studieavgift

Studentar som reiser gjennom denne avtalen betaler ikkje skolepengar eller studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentar som utvekslar til Kina får eit tilleggstipend frå Lånekassen på kr 2675 per månad. Dette er fordi nasjonale politikarar ønskjer å motivere fleire norske studentar til å studere i land som Norge særleg ønskjer å samarbeide med når det gjeld forsking og høgare utdanning.

Andreas Slettevold - utveksling Kina

Produsent:
Utdanning i verden

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

China Foreign Affairs University blei etablert i 1955, og ligg under Kinas utanriksdepartement. Universitetet er Kinas diplomatskole og utdannar Kinas diplomatar. China Foreign Affairs University har omlag 2000 studentar og er fordelte på ein ny og ein eldre campus. Den gamle, Zhanlan Road Campus, ligg i sentrum av Beijing, sju kilometer frå Den himmelske freds plass, medan den nyare Shahe Campus, ligg i Changpingdistriktet.

Beijing har om lag 20 millionar innbyggarar og er Kinas politiske og kulturelle sentrum. I Beijing kan du besøke ei rekke viktige kulturminne. Mest kjende er Den himmelske freds plass, Den forbudte by og Sommarpalasset. Like utanfor Beijing kan du besøke Den kinesiske mur.

Bustad

Universitetet tilbyr bustader på campus for internasjonale studentar. Stort sett er det snakk om to- eller tremannsrom.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Bilete av campus
Foto/ill.:
© China Foreign Affairs University

Informasjon