Hjem
Studentsider
erasmus+

Staatliche Hochschule für Bildende Künste (Städelschule) Frankfurt og Kunstakademiet ¿ Institutt for samtidskunst (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByFrankfurt
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Städelschule er eit universitet for kunst i Frankfurt am Main i Tyskland. Johan Friedriech Städel, ein velståande tysk bankmann, donerte både formue og kunstsamling etter han døydde i 1816. Med dette ønskte han at det skulle opprettast eit offentleg galleri og ein utdanningsinstitusjon for undervisning i kunst uavhengig av kjønn, religion eller sosial bakgrunn. Dermed vart Städelschule grunnlagt i 1817. Sidan har lærestaden vore forplikta til internasjonal, eksperimentell og uavhengig kunstnarisk utdanning. Städelschule tilbyr kurs i kunst, arkitektur og kuratorstudiar.

Frankfurt am Main har om lag 750 000 innbyggarar og er den femte største byen i Tyskland. Byen er kjend for sin skyline dominert av høge skyskraparar og har dermed fått kallenamna Mainhattan og Bankfurt. Dette er ein av dei tyske byane med flest museer, der dei mest kjende er Städelsches Kunstinstitut und Städtische Galerie.

Informasjon