Hjem
Studentsider
erasmus+

Estonian Academy of Arts og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandEstland
  • ByTallinn
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om Eesti Kunstiakadeemia

Om lærestaden og byen

Estonian Academy of Arts (EKA) blei etablert i 1914, og tilbyr høgare utdanning innan kunst, design, arkitektur, media, kunsthistorie og konservering. Lærestaden ligg sentralt i hovudstaden Tallinn, og har omtrent 1.200 studentar.EKA oppmunterar til innovasjon og eksperimentering, og studentane kan ta moduler og delta i workshops utanfor sine spesialiseringar.

Tallin er hovudstad i Estland. Byen byr på eit rikt kulturliv, parkar, kafekultur og natteliv. Bykjerna frå middelaladeren med tårn, spir og ein intakt bymur framstår som endå vakrare når sola går ned.

Bustad

Lærestaden har eit avgrensa antal rom for utvekslingsstudentar. Det er anbefalt å søke i god tid.

Semesterinndeling

august - januar

januar - juni

Studentrapportar

2021

Vår 2021 - BA kunst

Vår 2021 - BA kunst

22.01.2021 - 18.06.2021

Førebuingar/praktiske tips

jeg ville vælge ikke at bo på Muusa studentkollegiet, da der er lidt institutionelt.

Undervisningsformer

flere kurser end på KMD, men også mere traditionelt

Vurdering av emnetilbodet

gode kurser, men vær opmærksom på at vælg på dem i rette tid

Fagleg utbyte og språk

noget på estisk og engelsk

Universitetsområdet og byen

dejlig! tallinn er virkeligt hyggelig

Bustad

jeg fandt en bolig ved gamle by, det var fint, og man kan finde ganske billige hybler

Sosialt miljø

virkeligt godt, det bedste ved udvekslingen!

Informasjon