Hjem
Studentsider
erasmus+

Willem de Kooning Academie og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByRotterdam
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelorprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester. For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Willem de Kooning Academie er eit internasjonalt kunstakademi i Nederland. Akademiet ligg i hjartet av designbyen Rotterdam, og er ein del av Rotterdam University of Applied Sciences (RUAS). Dette er ein institusjon med ei stor fagleg breidd for utdanning på høgare nivå. Kvart år kjem eit stort antal studentar for å studere ved akademiet som er namngjeve etter ein av dei mest kjende alumnarane deira, Willem de Kooning. Akademiet ligg ved Blaak 10 og Wijnhaven 61, to bygningar tilknytt av ei flytebru, i sentrum av Rotterdam.

Rotterdam har litt over 600 000 innbyggarar og ligg i Randstad-området, sør i Nederland. Byen har lang historie som handelsknutepunkt, og har det største hamneområdet i Europa. Namnet Rotterdam har sitt opphav i at byen vart grunnlagt ved ein demning i ei av sideelvane, Rotte.

Bustad

I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.

Informasjon