Gerrit Rietveld Academie og Fakultet for kunst, musikk og design (BILATERAL)
- LandNederland
- ByAmsterdam
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor
- AvtaletypeBilateral
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for studentar på bachelorprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.
Når i studiet kan eg reise
For bachelorstudentar i kunst er det mogleg å reise på utveksling i 3. og/eller 4. semester. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best. For bachelorstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 4. semester.
Språk
Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.
Kva emne kan eg ta
Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Gerrit Rietveld Academie vart grunnlagt i 1924 og er eit kjent akademi for studiar innan kunst og utforming i Amsterdam. Namnet har det etter arkitekt og møbeldesignar Garrit Rietveld, som også var arkitekten bak Rietveld-hovudbygningen til akademiet. Akademiet har eit bachelorprogram med tolv ulike fordjupingar i kunst og design. I tillegg finst det også to masterprogram. Lærestaden er veldig internasjonal og ein stor del av studentane kjem frå utanfor Nederland.
Amsterdam har om lag 800 000 innbyggarar og er hovudstaden i Nederland. Byen ligg ved breiddene av elvene Amstel og Schinkel, og er kjend for det karakteristiske kanalsystemet som går på kryss og tvers inne i bykjernen. Den enklaste måten å ta seg rundt på i byen er ved hjelp av sykkel, eller til fots.
Bustad
I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.
Informasjon
- Hjemmesidehttps://rietveldacademie.nl/nl/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8073
- FagnavnKunst og design