Hjem

Nye doktorgrader

Ny doktorgrad

Nye markørar for sjukdomsaktivitet ved leddgikt

Hilde Haugedal Nordal disputerer fredag 20. april 2018 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «S100 proteins in rheumatoid arthritis. Calprotectin (S100A8/A9) and S100A12.»

Omtrent 0,5% av nordmenn har kronisk leddgikt. Dersom betennelsen i ledd ikkje vert godt behandla med medikament, kan ein få varig skade på brusk og bein. Mål for behandling er derfor fråver av betennelse, eller låg sjukdomsaktivitet. For å nå målet, må revmatologar skaffa seg eit bilete av grad av sjukdomsaktivitet, slik at behandlinga kan endrast dersom målet ikkje vert nådd. Det er ønskjeleg å finna behandling som verkar godt over tid og å identifisera pasientar som er spesielt utsette for brusk- og beinskade. Senkingsreaksjonen (SR) og C-reaktivt protein (CRP) er blodmarkørar som til ein viss grad reflekterer sjukdomsaktivitet. Det trengs markørar som betre reflekterer leddgiktsaktivitet.

I dette arbeidet har vi følgt pasientar som starta med biologiske medikament mot leddgikt. Proteinkomplekset calprotectin (S100A8/A9) og proteinet S100A12 vart analysert i blodet til pasientane før og etter oppstart med medikament. Nivået av calprotectin og S100A12 var før oppstart høgare i blodet til leddgiktspasientane, enn hos alders- og kjønnslike friske blodgivarar. Begge proteina reflekterte sjukdomsaktivitet påvist ved vanleg undersøking og ved ultralydundersøking av ledd. Hos pasientar som ikkje hadde aktiv betennelse i ledda vurdert med ultralyd, var plasmakonsentrasjonen av calprotectin og S100A12 som hos blodgivarane. Calprotectin var i større grad enn S100A12 assosiert med leddgiktsaktivitet. Komplekset kunne også betre enn SR og CRP reflektera sjukdomsaktivitet. Calprotectin var også i større grad enn to andre markørar for betennelse, IL-6 og VEGF, assosiert med leddgiktsaktivitet. Endring i calprotectinnivå den første månaden etter oppstart med nytt medikament kunne vera ein prognostisk faktor for effekt fram i tid. Grad av sjukdomsaktivitet vurdert med calprotectin viste også mogleg samanheng med røntgenologisk skade på ledd. Vi fann ellers at calprotectin bør analyserast i plasma, heller enn i serum, dersom komplekset skal brukast som markør for sjukdomsaktivitet ved leddgikt.

Personalia
Hilde Haugedal Nordal er overlege ved Revmatologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus. Doktorgradsarbeidet er utført ved Broegelmann forskingslaboratorium, Klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen i samarbeid med revmatologiske avdelingar ved Diakonhjemmet sykehus, Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus og Førde sentralsjukehus. Hovudrettleiar har vore 1. amanuensis Anne-Kristine Halse. Medrettleiarar har vore professor Roland Jonsson og professor Johan G. Brun.