Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Kampen mot kartell - whistleblowing i EU-konkurranseretten

Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund disputerer fredag 25. januar 2019 for ph.d.-graden ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen, med avhandlinga «A Legal Analysis of Leniency in the Interaction of Public and Private Cartel Enforcement within EU Competition Law».

Innhold

Avhandlinga avdekkjer at lemping ikkje fungerer optimalt idag, og set lys på betre måtar å stimulere til whistleblowing, utan å undergrave retten til skadebot for aktørar som har lidd tap som følge av ulovlege kartell, for å ivareta meir overordna samfunnsinteresser i uforstyrra konkurranse.

Kartell kostar samfunnet dyrt. Når aktørar koordinerer til dømes prisar på varer og teneste, kan dette gje høgare prisar og dårlegare utval og kvalitet for kundar. Samstundes kan slikt samarbeid øydeleggje for andre aktørar som ønskjer å operere i same marknad.

I avhandlinga ser Barlund på korleis konkurransestyresmaktene kan leggje til rette for at kartell vert avdekte og i lengda hindra gjennom det som på fagterminologi kallast «lemping» innanfor konkurranseretten. Lemping inneber at styresmaktene tilbyr reduserte eller fritak frå sanksjonar til ein kartelldeltakar som avslører kartellet (såkalla «whistleblowing») mot at deltakaren samarbeider i etterforskinga. Avhandlinga reiser spørsmål om omfanget av lemping, både når det kjem til kven som bør kvalifisere for lemping og kva slags sanksjonar ein bør kunne motta lemping frå. Her står tilhøvet til sivile skadebotkrav og relasjonen mellom administrative bøter og straffesanksjonar sentralt.

Sentrale funn i avhandlinga er forslaga om å utvide EU-kommisjonen sitt lempingsprogram til å gje amnesti frå fleire typar sanksjonar, i tillegg til å innføre meir avskrekkande sanksjonar.

Barlund argumenterer for å innlemme sivile skadebotskrav i lempingsprogrammet mot at lempingsmottakar assisterer skadelidte i bevisføringa. Dette vil ifølgje Barlund gje betre høve for sikring av retten til kompensasjon, samstundes som fritak frå skadebotskrav vil gje ei auka oppmoding til å tyste på kartellet. Barlund føreslår å opprette eit fond av delar av bøtene som kjem inn i den offentlege handhevinga, for å sikre at skadebotskrava vert etterfølgde og dekte, i tillegg til at konkurransen vert ivareteke.

Vidare argumenterer Barlund for innføring og harmonisering av eit individuelt straffeansvar med fengsel for kartell, og at lemping skal inkludere eit vern mot individuell straffeforfølging. Dette vil ifølgje Barlund gje ei endå sterkare oppmoding om å tyste til styresmaktene, eventuelt avstå frå kartellaktivitet i utgangspunktet, ettersom frykta for å miste eins eiga fridom stikk djupare enn det å miste økonomisk styrke.

Personalia

Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund (fødd i 1986) har master i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen frå 2013. Barlund jobba som universitetslektor før ho i 2014 vart tilsett som stipendiat ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Frå hausten 2018 har ho igjen vore tilsett som universitetslektor i påvente av behandling av søknad om stilling som postdoktor ved same stad.