Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Korleis planlegge for betre folkehelse?

Ellen Strøm Synnevåg disputerer fredag 11.10.2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: Planning for Public Health. Balancing top-down and bottom-up approaches in Norwegian municipalities.

Folkehelseloven (2012) pålegg norske kommunar å bruke ein ‘Helse i alt vi gjer’ strategi, der alle sektorar som t.d. teknisk, skule, barnehage og kultur har ansvar for å fremme helse. Mange kommunar opplever utfordringar med å etablere dette tverrsektorielle ansvaret, samt få ambisjonane om å fremme helse ut i faktisk handling og økonomisk prioritering.

Ved gjennomføring av intervju og dokumentanalysar, undersøkjer Synnevåg korleis tre kommunar bruker planleggingsprosessane og planleggingsstrukturane sine som eit verktøy for å legitimere det tverrsektorielle ansvaret og ambisjonane i lova. Resultata synleggjer kompleksiteten i lovkrava og viser til ei rekke dilemma kommunane står i. Til dømes vert kommunane utfordra på kor mykje makt og styring dei vil bruke for å synleggjere ansvaret på tvers, utan at dette fører til motstand, misstillit og skepsis i sektorane – og slik verkar mot si hensikt. Vidare diskuterer Synnevåg bruken av omgrepa ‘folkehelse’ og ‘folkehelsearbeid’, og meiner desse kan vere eit hinder for å sikre ansvar på tvers, då ordna ikkje nødvendigvis gir meining for tilsette i dei ulike sektorane.

Synnevåg argumenterer for at ho ser ein ‘ovanfrå- og ned’ dominans i folkehelsefeltet generelt, der t.d. bruk av strukturelle verkemiddel har fått mykje fokus. Ho meiner denne dominansen kan vere problematisk, spesielt i kombinasjon med bruken av omgrepet folkehelse, og føre til ei oppleving av ein slags helse-imperialisme der folkehelse tek over fagområde og oppgåver frå andre sektorar. Ho meiner ein bør unngå å gjere alle kommunale aktørar til folkehelsearbeidarar dersom ein skal implementere ambisjonane om ‘Helse i alt vi gjer’ i Folkehelseloven.

Personalia

Ellen Strøm Synnevåg (f.1983) er utdanna sjukepleiar frå Høgskulen på Vestlandet, og har mastergrad i helsefremmande arbeid frå Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd som sjukepleiar i spesialisthelsetenesta og har erfaring som folkehelsekoordinator/rådgjevar i folkehelse frå kommunal- og fylkeskommunal sektor. Under doktorgradsarbeidet var ho tilsett som stipendiat ved Høgskulen i Volda. Rettleiarar er professor Roar Amdam og professor Elisabeth Fosse.