Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Gelé og skum kan auke oljeutvinning frå oppsprekte reservoar

Bergit Brattekås disputerer fredag 19. september 2014 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Conformance Control for Enhanced Oil Recovery in Fractured Reservoirs».

Olje er lagra i porøse bergartar under jordoverflata, og kan fortrengjast mot produksjonsbrønnar ved å injisere vatn, gass eller kjemikalie. Grunnleggande kunnskap om korleis fluida strøymer gjennom reservoaret er viktig for å forstå og betre oljeutvinning.

Når sprekkar er til stades i reservoaret vert strøymingsmønsteret endra, og injeksjonsfluidet vil ofte fylgje sprekkane framfor å fortrenge olje frå bergarten rundt. Resultatet er låg og langsam utvinning av olje. Den negative innverknaden frå sprekkar kan reduserast ved å minske gjennomstrøymingsevna deira, noko som leier strøyminga av væsker inn i dei porøse bergartane. I avhandlinga vart polymergelé og CO2-skum nytta for å redusere innverknaden sprekkane har på strøymingsmønsteret.

Polymergelé blir brukt i oljereservoar verda rundt: når sprekkar er fylt med tjuktflytande gelé vert det vanskelegare for injiserte fluid å passere gjennom dei. Ny kunnskap frå eksperiment som er utført og gjort greie for i avhandlinga, viser at oljeutvinning vart betra ved bruk av polymergelé, spesielt dersom fuktpreferansen vart evaluert: resultat viser at kapillære krefter ved høg oljemetting forårsakar krymping av geleen, og gjer den mindre effektiv i opne sprekkar. I oljevåte system vil krympingseffekten ikkje vere til stades, og auka oljeutvinning ved bruk av polymergelé i samband med vatn, surfaktant og CO2-skum viste seg å vere særs effektivt i integrert produksjon. Avbildingsmetodar vart nytta, og dei viste at integrerte utvinningsprosessar betra strøymingsmønsteret inne i det porøse mediet, og auka oljeutvinninga utover standard metodar.

Injeksjon av CO2-skum, beståande av CO2 og surfaktant, vart undersøkt eksperimentelt for å betre gassflaumen i oppsprekte bergartar. Skum auka både hastighet på utvinninga og utvinningsfaktoren samanlikna med rein CO2-gass i oppsprekte bergartar.

 

Personalia:

Bergit Brattekås (født 1983) vaks opp i Eidsborg i Telemark. Ho fullførte ein bachelorgrad i fysikk i 2007 og ein mastergrad i reservoarfysikk i 2009, begge ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen. Ho starta doktorgradsarbeidet ved same institutt i april 2010. Arbeidet har vore finansiert av Noregs Forskingsråd og inngår i prosjektet ”Auka oljeutvinning frå oppsprukne karbonatreservoar”. Veiledarar har vore Professor Arne Graue (UiB), Dr. Randall S. Seright (NMT) og Dr. Martin Fernø (UiB).