Polyfon-konferansen 2024: På tvers, på kanten, på kornet
Polyfon-konferansen 2024 vart gjennomført i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, med godt over 200 konferansedeltakarar. Dei fekk oppleve eit fagleg innhald av høg kvalitet! Les om konferansen, evalueringa av den og tankar om jubileumskonferansen i 2025!
Hovedinnhold
Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon. Temaet i 2024 var «Kvifor musikk – i kvardag og klinikk». Konferansen gav ulike perspektiv på kva musikken gjer med oss, og også på kva vi kan gjere med og gjennom musikk. Programmet <lenke> var rikhaldig og variert.
På tvers, på kanten, på kornet
Fleire av presentasjonane fokusert på potensialet i samarbeid på tvers, på tvers av fag, på tvers av roller, på tvers av kontekstar. Eit eksempel: Erfaringskonsulent Anne Blindheim (Haukeland universitetssjukehus) sitt innlegg om brukarmedverknad i forsking. Ho la vekt på at jobben hennar ikkje berre handla om å utfordre og hjelpe forskarane slik at dei betre forstår perspektiva til brukarane, men at det også er viktig å hjelpe brukarane til å sjå og forstå meir av oppgåvene, utfordringane og perspektiva til forskarane.
Temaet på kanten dukka også opp fleire gonger, på kanten av det som er vanleg, på kanten av det som er mogeleg, på kanten av det som er ønskjeleg. Eit eksempel: I innlegget «Musikkterapi i tvungent psykisk helsevern – et samspill på kanten?» belyste musikkterapeut Oda Dypvik Bjørke og psykiater David Galea (Lovisenberg diakonale sjukehus) musikkterapi sitt potensiale som behandling for dei symptom og tilstandar alvorleg psykisk liding kan gje, og dei antyda sjølve at «dette perspektivet på musikkterapi noen ganger kan gå på akkord med den recovery- og ressursorienterte tilnærmingen det er tradisjon for i Norge … hvordan skal man forholde seg til at musikkterapi er med å avdekke sykdomstilstander som fører til videre tvangstiltak?»
Ingen på konferansen – det vi fekk med oss – var ubeskjedne nok til å beskrive sine eigne presentasjonar som eksempel på presise blinkskot. Likevel: Vi opplevde at fleire var på kornet: praksiserfaringar kom tydeleg fram, leiarutfordringar, brukarperspektiv og forskingsfunn også. Her var det mykje å ta med seg vidare for den som ønskjer å forstå litt meir av alt vi ikkje forstår når det gjeld menneske og musikk.
Vi har fått løyve til å dele kopiar av nokre av presentasjonane frå konferansen.
Positiv evaluering, men ...
Evalueringa av konferansen tyder på at deltakarane var godt nøgde. På ein skala frå 1 til 5 var resultata (snittskårar):
- Kor nøgd er du med det faglege innhaldet? 4,4
- Kor nøgd er du med lokala? Snittskåre: 4,6
- Kor nøgd er du med organisering og gjennomføring? 4,3
Fagleg innhald: 4,4 er ein høg snittskåre, men det som er bra kan bli betre (og folk har også ulike preferansar). Tilbakemeldingar i fritekst varierte, naturleg nok, men fleire ønskte seg: Meir fokus på utfordringar i musikkterapeutisk praksis; meir om eldreomsorg; meir tid til diskusjon etter føredraga i plenum; meir forskingsinformerte presentasjonar (mens andre ønskte seg meir praksis og mindre teori).
Lokala: Ein snittskåre på 4,6 oppfattar vi som veldig høgt, og vi er takksame for det gode samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet om dette. Tilbakemeldingar om ting som kan bli endå betre: Det var nokre utfordringar med lydanlegget i plenumssalen; det var mange flotte posters, men alt for trangt rundt utstillinga; det var mykje støy i vrimleareala og utfordrande å finne ein stille stad der ein kunne «lade opp» innimellom.
Organisering og gjennomføring: Også 4,3 er ein høg skåre, men det er likevel her det er størst forbetringspotensial, ser det ut til. Tilbakemeldingar om kva som kan gjerast betre: Det var lagt opp til for lite tid til forflytting og pauser i mellom sesjonene/program; det skulle ha vore meir tid til mingling; konferansen gjekk litt over tida; somme tekniske problem i parallellsesjonane.