Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
Webinar

Polyfons søkjarwebinar

Planlegg du og kollegaene dine å søkja Polyfon om støtte til eit forskingsprosjekt? Neste søknadsfrist for Polyfon forskingsstøtte er 2. mars. Polyfon inviterer til gratis søkjarwebinar for musikkterapeutar, forskarar og aktuelle brukarar og profesjonsutøvarar som er involvert i prosjektutvikling i Polyfon.

Vekst
Foto/ill.:
Unsplash

Hovedinnhold

Velkomen til webinar om korleis søkja på Polyfon forskingsstøtte mandag 2. februar kl 14-16.00.  

Sidan 1. januar 2026 har klynga knutepunkt i tre regionar (sør, aust og vest). Vi ønskjer søknader frå klyngedeltakarar i alle dei tre regionane velkomne!

Webinaret vert leia av: 

  • Marie Strand Skånland, Forskingsleiar / Førsteamanuensis / Post doc. ved Ansgar høyskole i Kristiansand
  • Hans Petter Paulen Solli, Musikkterapeut / Førsteamanuensis / Post doc. ved Noregs musikkhøgskole i Oslo
  • Brynjulf Stige, Klyngeleiar Polyfon / Professor i musikkterapi ved Griegakademiet, Universitetet i Bergen

Vi startar webinaret med grunnleggjande informasjon om mål og rammer for Polyfons forskingsstøte og om den vitskaplege komiteens retningslinjer ved vurdering av søknader. Dernest opnar vi opp for dei spørsmål du måtte ha, anten dei er generelle eller spesifikt knytte til eigne prosjektplanar.  

Anten du planlegg å søkja før neste søknadsfrist, som er 2. mars, eller berre vil ha førebels informasjon, er du hjarteleg velkomen.

Påmelding i dette skjemaet. Du får tilsendt lenke til webinaret før kl. 12 same dag som webinaret føregår.