Tusen nye realfagsstudentar til UiB
Rekordmange vil studere realfag på UiB hausten 2021. Tusen nye studentar starta det nye året med det som skal bli ei trygg og sosial veke.
Hovedinnhold
Tusen nye realfagsstudentar starta på Universitetet i Bergen den 16. august.
Semesterstarten inneber både faglige og sosiale arrangement. Dei nye studentene får mentorar, blir kjent med fagmiljøet sitt, campus og ikkje minst kvarandre. Når dagen er over er det klart for sosialt samver og fadderarrangement.
På grunn av smittesituasjonen er alle studentar delt inn i mindre grupper. Alle arrangement er inne på MatNat sine lokale og i telt på campus.
HURTIGTEST: Dekan Gunn Mangerud blir testa for korona.
Alle studentar kan nytta hurtigteststasjonar dei første dagane i veka. I alt er det fire stasjonar på universitetsområdet, ein av dei ligg ved Realfagbygget. Stasjonane er opne frå klokka 09 -18 mandag og tysdag. Ein treng ikkje bestille time, det er berre å møte opp. Seinare i veka vert det lagt til rette for at sjølvtestar.
TELT PÅ CAMPUS: Smitteomsyn gjer at nye studentar er delt i mindre grupper.
Utfordrar studentane
I løpet av den første veka som nye studentar får alle vere med på ein stor utfordring.
I samarbeid med gjenbruksappen Tise vert dei utfordra på å løyse ei stor og viktig utfordring.