Hjem
Globale samfunnsutfordringer
Konferanse

Helse, migrasjon og ulikhet er tema for europeisk kongress i Bergen

Sente for internasjonal helse på Universitetet i Bergen er vertar for den 12. europeiske konferansen innan tropemedisin og internasjonal helse (ECTMIH). Det er fyrste gongen denne kongressen finn sted i Norge. 

Bente Moen og Thorkild Tylleskär
Professor Bente E. Moen og Professor Thorkild Tylleskär opna ECTMIH 2021.
Foto/ill.:
Eivind Senneset / UiB

Hovedinnhold

ECTMIH (European Congress on Tropical Medicine and International Health) er eit leiande forum for globale helseutfordringar og tropemedisin. På konferansen kan forskarar presentere og diskutere nyvinningar, utvikling og gjennombrot innan tropemedisin og global helse.

Årets konferanse vert arrangert digitalt frå Bergen og rettar særleg søkelyset mot globale utfordringar innan helse, migrasjon og ulikhet. Konferansen har også ein eigen koronadag, som mellom anna inkluderer diskusjonar om koronaviruset, sjukdommen, erfaringar frå laboratorium, sjukehus, vaksiner og behandling, førebyggande tiltak, påverknad på samfunn og økonomi. 

Konferansen har eit tettpakka program med ni parallelle spor. I tillegg til ulike panel og presentasjonar, inkluderer programmet også workshops, filmvisning og musikkinnslag i fleire av pausane. Young investigators day har også eit variert program for unge forskarar. Du kan sjå fullt program her

Konferansen er spesielt relevant for forskarar, klinikarar, Ph.D.-kandidatar og studentar innan global helse, men særleg koronadagen er spennande også for alle andre som er interessert i helse.