Sørviserklæringa om læringsmiljø og likestilling
Hovedinnhold
UiB arbeider for å sikre studentanes fysiske og psykiske læringsmiljø, slik at studiekvardagen blir best mogleg for alle. Læringsmiljøet ved UiB skal fremje kreativitet, læring, arbeidsevne, helse og trivsel og vere slik at alle medarbeidarar og studentar blir respekterte, synt omsorg og gitt ansvar. Ulike former for maktmisbruk skal ikkje tolererast og ingen former for trakassering vil bli akseptert av universitetet eller samskipnaden.
Universitetets plikter og ansvar når det gjeld læringsmiljø:
- Leggje til rette det fysiske arbeidsmiljøet best mulig for alle studentar
- Ha ei rimeleg dekning av arbeidsplassar, også for nye studentar
- Ha klare rutinar når det gjeld klager på enkeltsaker og melding om avvik, uhell og nesten-ulykker
Universitetet forventar at du som student:
- Set deg inn i og respekterer reglar for bruk av fasilitetar og utstyr, mellom anna reglar for bruk av universitetet sine lesesalar, pc-stover og IT-reglement
Universitetet tilrår at du som student:
- Viser ein positiv vilje til å ta vare på læringsmiljøet ditt, både materielt og sosialt
- Deltar i aktivitetar knytt til dei mange organisasjonar, klubbar og foreiningar som studentane sjølve står bak
Universitetets plikter og ansvar når det gjeld likestilling og trakassering:
- Syte for at likestillingsarbeidet blir tatt på alvor
- Ha eit støtteapparat som kan handtere problem som gjeld likestilling og trakassering om dei oppstår
- Fremje eit kontinuerleg haldningsskapande arbeid for å sikre gode og tillitsfulle samarbeidsforhold mellom studentar og tilsette
Universitetet tilrår at du som student:
- Ikkje lar vere å Si fra dersom du opplever hendingar som personleg krenkjande
- Oppsøkjer studentombod eller andre som du har tillit til dersom du finn at eit trakasseringsforhold ikkje stansar
26.04.2019