Hjem

Spansk språk og latinamerikastudium, årsstudium

På årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium lærer du det spanske språket, men du får òg grunnleggande kunnskap om latinamerikansk litteratur, historie, kultur og samfunn.
  • Lengde1 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar10
  • Studiepoeng60
  • StartVår

Spansk språk og latinamerikastudium er både eit språkstudium og eit områdestudium. 450 millionar menneske har spansk som morsmål. Spansk er det mest populære valfrie framandspråket i norsk skole, det nest største kommunikasjonsspråket i verda og det tredje største språket på internett. 

Hos oss drøftar vi spørsmål som:  

  • Kva særtrekk kan vi sjå ved språkutviklinga i Latin-Amerika?  
  • Kva var grunnlaget for det latinamerikanske gjennombrotet i verdslitteraturen?  
  • Korleis fungerer Latin-Amerika som samfunn før og no, med omsyn til konfliktar, kolonialisme og revolusjon?  

Internasjonalt samkvem og samarbeid, handel og reiseliv gjer at den spansktalande verda kjem stadig tettare innpå oss. Språkkunnskapar og grundig kjennskap til litteratur, kultur og historie er ein føresetnad for vellukka samarbeid og interaksjon med den spansktalande delen av verda.  

Meir informasjon under

Velg Språk!

Produsent:
Flimmer Film

Kvifor velje årsstudium 

Kjennskap til språk, kultur og samfunn vil vere av uvurderleg verdi i mange bransjar, i både  offentlege og private institusjonar.  

Du kan til dømes arbeide med:  

  • Diplomati 
  • Bistandsarbeid 
  • Kulturarbeid 
  • Mediebransjen 
  • Omsetting 
  • Undervisning 

Sjå kva jobbar du elles kan få med humanistisk utdanning  

Fullført årsstudium kan byggjast ut og inngå i ein bachelorgrad i spansk språk og latinamerikastudier (sjå intern overgang), som igjen gir grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium. Årsstudiet kan også vere eit supplement til andre studium. 

Meir informasjon under

Oppbygging 

Studiet går over eit år (to semester) og startar i januar.  

Oppbygginga ser slik ut:  

1. semester (vår) 

  • SPLA107 Spansk grammatikk I (10 studiepoeng) 
  • SPLA108 Latinamerikansk litteratur I (10 studiepoeng) 
  • SPLA109 Latinamerikansk historie (10 studiepoeng) 

2. semester (haust) 

  • SPLA117 Spansk grammatikk II (10 studiepoeng) 
  • SPLA118 Latinamerikansk litteratur II (10 studiepoeng) 
  • SPLA119 Kultur og samfunn i Latin-Amerika (10 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardag  

Som student i spansk språk og latinamerikastudier høyrer du til Det humanistiske fakultet (HF). Du finn lesesalar på Sydneshaugen skole. Det er også eit datarom studentane kan bruke i HF-bygget (Sydnesplassen 7), eller du kan booke undervisningsrom.  

Spanskstudiet ved UiB er unikt her til lands fordi vi legg stor vekt på områdekunnskap og fordi historie er ein eigen sjølvstendig disiplin på lik line med språk og litteratur. Spansk språk og latinamerikastudier har eit godt studiemiljø, der studentar frå inn- og utland deltar med entusiasme og engasjement i faglege og sosiale aktivitetar. 

For emna som inngår i årsstudium i spansk språk og latinamerikastudier er det om lag 12-14 timar undervisning i veka. Undervisninga er i hovudsak på spansk og litteraturen vil vere på norsk, spansk og engelsk.  

Det er sjølvstudium som gjeld når det ikkje er førelesing eller seminar. Studentane vel ofte å danne kollokviegrupper, der dei arbeider og løyser oppgåver saman, og du må rekne med mykje lesing. Sjølvstudiet kan såleis vere organisert både som gruppearbeid eller individuelt arbeid, litt etter korleis du likar å jobbe.    

Kva lærer eg?  

Det viktigaste du tileignar deg gjennom studiet er solid språkkompetanse i spansk og grunnleggjande latinamerikakunnskap innan litteratur, historie, kultur og samfunn. 

Faget høver for deg som har interesse for språk og kultur, for det framande og ukjende, for det som fascinerer og det som provoserer. Å koma på innsida av framande språk og kulturar kan også opna for større innsyn i eigen kultur og tradisjon. 

Du lærer:  

  • brei generell kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innan spansk språk og latinamerikansk kultur, med særleg vekt på historie og litteratur. 
  • evne til å arbeida sjølvstendig med problemstillingar av fagleg karakter. 
  • å utvikla evne til å skjøna og bruka moderne spansk munnleg og skriftleg 

Fullstendig liste over læringsutbyte 

Utveksling  

Utveksling er ikkje mogleg på årsstudium.

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her