Opptakskrav for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
PPU byggjer på tidligare avlagt utdanning. Her får du informasjon om kva som er krevd for opptak til programmet.
Hovedinnhold
Kva for utdanning treng du?
For å kome inn på PPU treng du:
- ein mastergrad
- fagleg fordjuping i minst eitt undervisningsfag som UiB tilbyr fagdidaktikk i, sjå kva fag vi tilbyr
- minimum 60 studiepoeng i faget/faga
- eit karaktersnitt på minst C i faget/faga som utgjer opptaksgrunnlaget. Karaktersnittet blir rekna ut på grunnlag av dei 60 studiepoenga som gir opptak.
- kompetanse i norsk tilsvarande generell studiekompetanse
- viss du har oppnådd generell studiekompetanse dekker du språkkravet i norsk, og treng ikkje å dokumentere dette.
- viss du ikkje har generell studiekompetanse, må du dokumentere norskkunnskapar på eit nivå tilsvarende generell studiekompetanse.
I tillegg må du levere gyldig politiattest ved semesterstart.
Kva for fagleg fordjuping treng du?
Du må ha fordjuping i fag som gir undervisningskompetanse i skolen, og som universitetet tilbyr fagdidaktikk i. Det er særlege krav til samansettinga av fordjupinga.
Sjå krava som gjeld for faga du søkar opptak til:
- PPU i samfunnsfag
- PPU i språkfag, historie, religionsvitenskap og filosofi
- PPU i psykologi
- PPU i realfag
Dersom du er interessert i PPU innanfor utøvende musikk/komposisjon eller PPU i kunst og design, finn du opptakskrava og meir informasjon her.
- Trenger du å søke om forhåndsvurdering av fagene dine til PPU kan du bruke skjemaet vårt.
Korleis oppnår eg fagleg fordjuping viss eg manglar det?
Viss du ikkje oppfyller dei faglege krava for å komme inn på PPU, kan du søke opptak til UiB for å ta dei faga du manglar. Du kan for eksempel søke opptak til eit årsstudium i faget du ønskjer å fordjupe deg i gjennom Samordna Opptak. Viss du nettopp har fullført ei grad ved UiB kan du søke om poststudierett.