Hjem

Arabisk, bachelor, 3 år

Arabisk er morsmålet til meir enn 300 millionar menneske verda over, og er eit viktig verdsspråk. Arabiskstudiet gir deg stor innsikt i interkulturell forståing og kommunikasjon. Det gjer deg betre rusta til å forstå samanhengen mellom arabisk språk, kultur, religion og politikk.
  • Lengde3 år
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar10
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Bachelorprogrammet i arabisk inneheld først og fremst eit intensivt språkkurs der du begynner frå null og opplever rask framgang. Du får òg ei innføring i arabisk språkvitskap, dialektar, litteraturhistorie og grunnleggande sjangrar. Du lærer å bruke verktøy som translitterasjon (å omskrive ein tekst frå eitt alfabet til eit anna), ordbøker og andre oppslagsverk, og ikkje minst nye digitale verktøy. Arabisk er eit uvanleg systematisk språk og har ein sterk indre struktur. Kjerna i faget er derfor arabisk grammatikk, noko som er viktig for rask utvikling av ordforråd, leseforståing og rettskriving.  

Hos oss diskuterer vi spørsmål som: 

  • Kva slags utfordringar møter ein i omsetjing til og frå arabisk? 
  • Kva rolle spelar det arabiske språket i arabisk presse og politiske konfliktar?  
  • Korleis blir arabisk identitet uttrykt gjennom språk i skriftlege medium?  
  • Kva utfordringar møter muslimar i vestlege samfunn?  

Med studiar i arabisk får du ei spesiell forståing av den arabiske kulturen og språket. Dette er ein nyttig kompetanse med den voksande betydinga av Midtausten i internasjonale saker og verdshandel.  

Kan du arabisk, har du tilgang på eit vell av tenkemåtar og kulturar. Både moderne tekstar og ei enorm mengd av klassiske arabiske tekstar i filosofi, teologi, rettsvitskap, medisin og vitskap, der berre ein brøkdel er omsett. Arabisk som fag har vore undervist og studert i Europa i meir enn 400 år. I dei siste tiåra er faget tett integrert i andre fag som Midtausten-kunnskap og islamvitskap

Les meir om arabiskfaget. 

Meir informasjon under

Velg Språk!

Producer:
Flimmer Film

Jobb 

Arabisk er et sentralt språk dersom du interesserer deg for tema som migrasjon, klima, humanitære utfordringar, nord-sør samarbeid, og sikkerheit. I Noreg er arabisk eit viktig verktøy i integrering, utdanning, dialogprosjekt og offentleg kommunikasjon.  

Midtausten er ein viktig marknad. Har du spesialkunnskap om språk, kultur og lokale tilhøve, er dette i seg sjølv ein viktig døropnar i den arabisk verda. 

Felt som treng kompetanse i arabisk og arabisk kultur: 

  • tolking og omsetjing 
  • offentleg administrasjon 
  • integreringsarbeid 
  • prosjektarbeid 
  • etterretning og diplomatisk teneste(lenke til UDs aspirantprogram) 
  • rådgiving 
  • bank og finans 
  • utdanning 
  • journalistikk 
  • internasjonale organisasjonar, som konsulent, ekspert, prosjektleiar og hjelpearbeidar 
  • eksportfirma, til dømes fisk og sjømat 

Dersom du er interessert i å gå vidare til ein mastergrad, kan du ta frie studiepoeng innan Midtausten-kunnskap og søke deg vidare på masterprogram i historie ved UiB, eller til masterprogram i arabisk (Asia- og Midtøsten-studier) ved UiO. 

Kva jobbar kan du få med humanistisk utdanning? 

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i arabisk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex.phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle bachelorprogramma ved UiB.   

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester 

  • ARA100 Innføringskurs i arabisk språk og kultur (10 studiepoeng)  
  • EXPHIL Examen philosophicum (10 studiepoeng)  
  • EXFAC Examen facultatum (10 studiepoeng) 

2. semester 

  • ARA111 Grunnkurs i moderne standardarabisk I (15 studiepoeng) 
  • ARA112 Grunnkurs i moderne standardarabisk II (15 studiepoeng)  

3. semester 

  • ARA113 Grunnkurs i moderne standardarabisk III  (15 studiepoeng) 
  • ARA115 Innføring i arabisk språkvitskap og dialektologi (15 studiepoeng) 

4. semester

  • ARA211 Tekststudiar i klassisk og moderne standardarabisk (15 studiepoeng) 
  • HIM250 Bacheloroppgåve i Midtaustens historie (15 studiepoeng) 

5. semester 

Til saman 30 studiepoeng sett saman fritt av:   

6. semester  

Til saman 30 studiepoeng sett saman fritt av:   

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardagen 

På arabiskstudiet blir du del av ei lita gruppe studentar som har god kullkjensle og samhald. I tillegg får du tett kontakt med faglærarane. 

Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Arabiskstudiet er rekna for å vere av dei meir arbeidskrevjande studia. Ei vanleg studieveke for ein fulltidsstudent er på ca. 40 timar. 12-14 timar i veka vil vere forelesingar og seminargrupper-  dette varierer frå semester til semester. Du har litt mindre undervisning det semesteret du skriv bacheloroppgåve. Generelt får du god munnleg opplæring i språket. 

I tillegg til å bruke tid på lesesalen med pensumlitteraturen, vel mange å danne kollokviegrupper for å arbeide og løyse oppgåver saman. Sjølvstudiet kan altså vere organisert både som gruppearbeid eller individuelt arbeid, litt etter korleis du likar å jobbe. 

Undervisninga og litteraturen er på arabisk, engelsk og norsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne i studieløpstabellen.

Vi held til på HF-bygget, der arabiskstudentane blant anna har tilgang til ei eiga boksamling med leseplass med kort veg til faglærarane sine kontor. Det er òg mange kollokvierom tilgjengeleg som du kan reservere og bruke gjennom heile semesteret. Vi har lesesalar på Sydneshaugen skole, eller du kan sitte på Universitetsbiblioteket.  

Dei fleste emna i studieprogrammet er obligatoriske. Men, det er òg 60 frie studiepoeng (til saman tilsvarar dette eitt studieår). Desse kan ein til dømes bruke på å dra på utveksling eller velje blant UiB sine emne innanfor Midtausten-kunnskap, språkfag, lingvistikk, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for vidare utdanning eller yrkesplanar. Dei frie studiepoenga gjer det mogleg å byggje di eiga unike kompetanse.  

Dersom du ønsker å ha praksis i løpet av studiet, kan du ta emnet SAP100-Språkstudentar i arbeidspraksis med praksis i utlandet som en del av frie studiepoeng.Du kan også velge emnet PRAKTINF – Praktisk informasjonsarbeid. Dette emnet tar sikte på å trene studentane i å arbeide med praktiske kommunikasjons- og informasjonsoppgåver med praksis i løpet av semesteret du tar emnet.  

Emnet der du skriv bacheloroppgåve, HIM250, har varierande tema frå semester til semester. Du kan velje mellom fleire ulike oppgåvetema etter kva interesse du har.  

Har du planar om å ta mastergrad etter bacheloren? Dette kan påverke kva emne du bør ha med i bachelorstudiet ditt. Ta kontakt med studierettleiar. 

Slik er kvardagen som student på Humanistisk fakultet. 

Kva lærer du? 

Ein ferdigutdanna student på dette programmet:  

  • Forstår og kan delta i samtalar om kvardagstema på moderne standardarabisk (MSA).  
  • Har godt grunnlag i arabisk grammatikk, noko som gjer det raskare å lære ord, betre leseforståing og riktig rettskriving. 
  • Kjenner faget sine verktøy som ordbøker og elektroniske fagressursar, noko som mogleggjer sjølvstendig læring i framtida. 

Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.

Utveksling 

Vi tilrår og legg godt til rette for at du skal få studere i utlandet i løpet av bachelorstudiet.  

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Dei fleste vel å dra når dei skal ta frie studiepoeng, altså i 5. og 6. semester, men du kan òg reise tidlegare i studiet. Studierettleiaren hjelper deg med å sette opp ein plan som passar. 

Vi har avtale om utveksling med universitet i Egypt, Jordan, Tunisia, staten Palestina eller Storbritannia. Du kan velje mellom eit mangfald av ulike kurs frå høgt anerkjende utdanningsinstitusjonar, og får verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.  

Korleis søke om å reise på utveksling

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her