Hjem

Historie, bachelor, 3 år

Historiefaget handlar om politikk, samfunn og kultur. Her lærer du om samfunnsutviklinga i og utanfor Noreg, i eldre og moderne tid. Ved å kjenne til og forstå utviklingstrekk i fortida forstår vi også betre verda i dag, og står dermed betre rusta til å gjere gode val for framtida.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Historiefaget prøver å finne svar på: 

  • Korleis kan kunnskap om fortida bidra til ein betre forståing av nåtida? 
  • Korleis påverkar ulike metodiske tilnærmingar sjølve tolkinga av fortida? 
  • Korleis går vi fram for å etablere kunnskap om det som var?  

På bachelorprogrammet får du innsikt i korleis historikarane arbeider med å skaffe og skape kunnskap om fortida. Du lærer òg korleis ulike metodar påverkar korleis vi tolkar kunnskapen om fortida.  

Som student på bachelorprogrammet i historie vil du få innsikt i dei store linjene i historia, men òg lære om migrasjonshistorie, krigshistorie, kvinne- og kjønnshistorie, økonomisk historie, vitskapshistorie, antikkens historie og Midtaustens historie. 

Hos oss får du oppleve å være student på eitt av dei større faga ved Universitetet i Bergen, med omfattande forsking og undervising på alle nivå. Kjenneteikna for faget er stor spennvidde med forsking og undervising i alt frå bronsealderen til samtida, med fokus på Noreg og Norden, Europa, Midtausten og Afrika, USA og Kina. 

Bachelorprogrammet i historie gir deg gode, solide allmennkunnskapar og metodiske innsikter du kan bruke i mange yrkessamanhengar. Gjennom grundig skolering i kjeldekritikk, gir studiet svært god øving i tolking av tekst. 

Meir informasjon under

UIB - Historie

Jobb

Historikarar har ein attraktiv kompetanse for dagens arbeidsgivarar med sine evner og ferdigheiter til å tenke sjølvstendig og analytisk, til å handsama store informasjonsmengder og sjå problemstillingar frå ulike perspektiv. I tillegg er dei dyktige til å kommunisere både skriftleg og munnleg.  

Med ei utdanning i historie har du mange spennande yrkesmoglegheiter. Du kan for eksempel jobbe som 

  • historielærar 
  • arkivar 
  • journalist eller kommentator innan media 
  • museumspedagog på museum 
  • rådgivar i offentleg forvaltning  
  • redaktør eller konsulent i eit forlag  
  • fagansvarleg i norske og internasjonale organisasjonar  
  • forskar eller konservator dersom du går vidare med mastergrad og ph.d.-grad

For å auke sjansane for jobb etter studiet, anbefaler vi at du går vidare med masterprogram i historie. Dersom du vil kvalifisere deg til å undervise, kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) etter mastergraden. Då kan du jobbe som lærar frå femte trinn på barneskulen til vidaregåande skule og vaksenopplæring. 

Kva jobbar kan du få med humanistisk utdanning? 

Meir informasjon under

Oppbygging  

Bachelorprogrammet i historie er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Ein bachelorgrad består av 180 studiepoeng, og alle bachelorstudentar må ta ex.phil (examen philosophicum) og eitt av innføringsemna EXFAC00AS eller EXFAC00SK.

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.   

Du vel spesialisering i historie eller spesialisering i Midtaustens historie.  

Slik er studiet lagt opp med spesialisering i historie: 

1. Semester (haust) 

2. Semester (vår)  

  • HIS101 - Oversyn over eldre historie (15 studiepoeng) 
  • HIS102 - Oversyn over nyare historie (15 studiepoeng) 

3. Semester (haust)

4. Semester (vår)   

  • HIS203 - Teoriar, metodar og historiske kjelde (15 studiepoeng) 
  • HIS250 - Bacheloroppgåve i historie (15 studiepoeng) 

5. Semester (haust)   

Til saman 30 studiepoeng sett saman fritt av:

  • Frie studiepoeng – vel blant alle opne emne ved UiB. Ynskjer du å få praksis i graden din, anbefaler vi at du tar AHKR201 eller PRAKTINF som frie studiepoeng

eller

  • Utveksling eller hospitering hos andre norske universitet

6. Semester (vår)   

Til saman 30 studiepoeng sett saman fritt av:

  • Frie studiepoeng – vel blant alle opne emne ved UiB. Ynskjer du å få praksis i graden din, anbefaler vi at du tar AHKR201 eller PRAKTINF som frie studiepoeng

eller

  • Utveksling eller hospitering hos andre norske universitet

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardagen  

Bachelorprogrammet i historie er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar minst like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. 

I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 6-8 timar med undervising i form av forelesningar og seminargrupper. Du skal òg skrive ei bacheloroppgåve.  

Undervisninga og litteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag).    

Historiestudentar har tilgang til lesesalar på Sydneshaugen skole og på Bibliotek for humaniora.  

Dersom du ønsker å ha praksis som del av studiet, kan du søke opptak til eit praksisemne i dei frie studiepoenga. Eit eksempel på eit slikt emne er AHKR201 Praksis i arbeidslivet. Opphaldet går over 16 veker, og vi har avtale med blant anna Bergen Byarkiv, Kulturkontoret i Sund Kommune, Museumssenteret i Hordaland og Museum Vest. 

Obligatorisk: Førstesemesterstudium med ex.phil og ex.fac (20 studiepoeng) (og evt HIS100 Innføring i historie). Spesialisering i historie eller spesialisering i Midtaustens historie. (90 studiepoeng - 1 ½ år)   

Valfritt: 60 studiepoeng i programmet er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne som er relevante for vidare utdanning eller yrkesplanar. Du kan velje emne frå andre fag, og dermed få ein breiare grad. Dersom du for eksempel vil bli lærar (PPU), bør du velje eit undervisningsfag.  

Du har stor fridom til å forme innhald og oppbygging av graden, og vi tilbyr mange temaval for bacheloroppgåva.

Historiestudentane set pris på eit godt studentmiljø, flinke førelesarar, og at studietilbodet er både godt og breitt. 

Kva lærer du? 

Med ein bachelorgrad i historie: 

  • har du god oversikt i norsk og internasjonal historie, og særskild god innsikt i nokre sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar 
  • kan du drøfte og kritisk vurdere historiske framstillingar  
  • kan du handtere store informasjonsmengder, og har erfaring med å formidle fagstoff både munnleg og skriftleg 

Sjå heile lista over læringsutbyte

Utveksling 

Å dra på utveksling i løpet av bachelorstudiet i historie er sterkt tilrådd! Eit utvekslingsopphald gir ein erfaring og ein kompetanse som kan gjere deg meir attraktiv for framtidige arbeidsgivarar.  

Du kan reise på utveksling i femte semester. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Nederland.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her