Hjem

Tysk, bachelor, 3 år

Tyskfaget passar for deg som både ønskjer å skaffe deg ferdigheiter i tysk språk på eit høgt nivå og kunnskap om historia, litteraturen og kulturen i dei tyskspråklege landa.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Du får høve til å fordjupe deg i skjønnlitteratur samstundes som du øver deg i å analysere og reflektere over tekstane. I tillegg blir det opna opp for å arbeide med ulike media som film, podcastar og nettsider, og du øver på å diskutere og halde presentasjonar på tysk.

I språkdelen av studiet jobbar vi både med praktisk tysk og lingvistikk. Praktisk tysk tar utgangspunkt i at ein lærer språk mest effektivt ved å bruke det aktivt i ulike situasjonar og sjangrar. I lingvistikken handlar det om å få kunnskap om språksystemet (grammatikk, fonetikk/fonologi). Tysk språk er i stadig endring, og derfor er vi mellom anna opptekne av å undersøkje ulike variantar av munnleg språk. Dessutan jobbar vi  med språk i ulike kommunikasjonssituasjonar.

I litteraturdelen av studiet får du høve til å fordjupe deg i verk frå 1750 og til i dag. Vi les klassiske tekstar av forfattarar som er kjende frå litteraturhistoria og frå samtidslitteraturen. Det tematiske perspektivet for litteraturseminara våre spenner vidt: vi kan enten ta føre oss eldre og moderne drama, epikk og lyrikk i litteraturhistorisk kontekst, fokusere på aktuelle tema som eksil- og migrasjonslitteratur, erindringslitteratur eller filmatisering av litterære verk.

Tyskland, Austerrike og Sveits har til samen eit tyskspråkleg folketal på nær 100 millionar og utgjer framleis eit språkleg-kulturelt kraftfelt med tett samhandling og samarbeid med Noreg. Ein bachelorgrad i tysk gir deg kunnskap og innsikt som kvalifiserer til ulike yrker, der du kan bidra til at banda til det tyskspråklege området kan oppretthaldast og styrkast.

Meir informasjon under

Velg Språk!

Produsent:
Flimmer Film

Studiekvardagen 

Bachelorprogrammet i tysk er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.  

I tillegg til sjølvstudium kan ei typisk veke innehalde: 

  • forelesingar 
  • seminargrupper 
  • digitaliserte oppgåver 
  • praktiske øvingar 

Kor mange timar undervisningsaktivitetar du har, varierer litt frå semester til semester. For emna som inngår i tysk spesialisering, er det om lag seks-sju dobbeltimar (12-14 timar) undervisning i veka.  

Tyskfaget sett store krav til evne til sjølvstendig arbeid. Det er du som skal lære språket, og det er du som skal ta det i bruk. Slike ferdigheiter kjem ikkje av seg sjølv. Men du får tett oppfølging frå lærarane, og det er eit godt studiemiljø. Ein gong i månaden møtast studentar og tilsette til felles lunsj, gjerne med små innslag, quiz eller andre aktivitetar.  

I andre semester drar du på eit tre-vekers studieopphald ved Det tysk-norske studiesenteret i Kiel. Her får du intensiv språkundervisning ved sida av at du deltar på ekskursjonar, besøker delstatsparlamentet Landtag og utfører intervju med ein sjølvvald person.  

Det er også forventa at du tar minst eitt semester utveksling ved eit tyskspråkleg universitet.  

Dersom du vil ha praksis i løpet av studiet, kan du ta emnet PRAKTINF – Praktisk informasjonsarbeid. Dette emnet tar sikte på å trene deg i å arbeide med praktiske kommunikasjons- og informasjonsoppgåver med praksis i løpet av semesteret du tar emnet.  

Vi held til på Sydneshaugen skole, der det er eigne lesesalar for bachelorstudentar. Det er også eit datarom studentane kan bruke i HF-bygget.  

Det er også mogleg å booke undervisningsrom om de ønsker å jobbe i grupper.   

Meir om studiekvardagen ved Det humanistiske fakultet 

Jobb 

Bachelorstudiet i tysk skjerpar kunnskapane dine i munnleg og skriftleg tysk. 

Med ei universitetsutdanning i tysk er du spesielt god til å: 

  • handtere, analysere og formidle store informasjonsmengder 
  • forstå og tolke informasjonen i eit kulturelt, språkleg og historisk lys  

Tre av dei sterkaste drivarane i samfunnet vårt er globalisering, migrasjon og digitalisering. I ei slik verd er kunnskap om språk, kultur og menneske viktigare enn nokon gong. Språkkompetanse og kulturforståing er til dømes avgjerande for vellukka kontraktar med internasjonale partnarar.  

 Nokre av dei jobbane som kan være aktuelle for deg som har ein bachelor i tysk, er:  

  • i statsapparatet eller anna offentleg administrasjon  
  • i næringslivet 
  • som journalist 
  • som omsetjar  
  • som lærar 

Gode tyskkunnskapar gjer det også mogleg å arbeide i Tyskland, spesielt for dei som har kombinert tyskfaget med anna utdanning.  

UiB tilbyr masterprogram i tysk, om du ønskjer vidare studiar hos oss.   

Les meir om kva jobbar du kan få med ei humanistisk utdanning

Kva lærer du? 

Med ein bachelorgrad i tysk har du:  

  • gode kunnskapar i tysk grammatikk og lydlære 
  • grunnleggjande dugleik i språkleg, kulturell og litterær analyse gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver  
  • ei reflektert og sjølvstendig haldning til lærestoffet gjennom analysar av ulike språklege, litterære og kulturelle uttrykk i historisk og samfunnsmessig samanheng 

Sjå heile lista over læringsutbyte.

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i tysk er eit treårig fulltidsstudium. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik kan studiet så ut:  

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:  

1. semester (haust) 

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 studiepoeng) 
  • EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 studiepoeng) 
  • TYS100 Introduksjon til tyskstudiet (10 studiepoeng) 

2. semester (vår) 

  • TYS105 Grunnemne i tysk språk I (10 studiepoeng) 
  • TYS106 Tyskspråkleg kultur (10 studiepoeng) 
  • TYS107 Tysk språk og tekstkunnskap (10 studiepoeng) 

Undervisninga i delar av TYS105 og TYS106 kan takast ved Universitetet i Kiel.  

3. semester (haust) 

  • TYS115 Grunnemne i tysk språk II (10 studiepoeng) 
  • TYS116 Tyskspråkleg litteratur (10 studiepoeng) 
  • SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium (10 studiepoeng)  

4. semester (vår) 

  • LITTIF200 Litteraturteori på 200-nivå (5 studiepoeng) 
  • Enten TYS201 Fordjuping i tysk språk (15 studiepoeng) eller TYS251 Fordjuping i tysk språk med semesteroppgåve (15 studiepoeng) 
  • Enten TYS206 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur (10 studiepoeng)  eller TYS256 Fordjuping i tyskspråkleg litteratur med semesteroppgåve (10 studiepoeng) 

5. semester (haust) 

6. semester (vår) 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling  

Vi anbefaler at du drar på utveksling til eit utanlandsk universitet i 5. semester, men andre tidspunkt er også mogleg. Du kan også være ute to semester, om du ønskjer det. Studierettleiar kan hjelpe med å sette opp ein plan for utveksling som passar deg.  

Utvekslingsavtalane gjer det mogleg å velje mellom mange ulike kurs frå høgt anerkjende utdanningsinstitusjonar. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her