Geofysikk
- Lengde3 år
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar18
- Studiepoeng180
Introduksjon
Mål og innhald
Mål
Bachelorprogrammet skal formidle ei brei og basal forståing av geofysiske og geologiske metodar og tenkemåtar slik at kunnskapen kan nyttast til å gjere geofaglege vurderingar, arbeid i felt og laboratorium, undervisning i geofag eller vidare studiar i geofysikk eller tilgrensande fag som geologi.
Innhald
Bachelorprogrammet gjev ei oversikt over den faste jord si samansetning og fysiske eigenskapar og korleis jorda har utvikla seg i tid og rom på global, regional og lokal målestokk. I tillegg, vert dei mest brukte metodar for geofysisk datainnsamling introdusert. Programmet baserer seg på ein kombinasjon av direkte observasjonar av bergartar og lausmassar i naturen, innsamling og analyse av feltdata, samt numeriske studiar av geofaglege problemstillingar. Studiet tek opp tema som er aktuelle for notida og framtida, som korleis naturressursar vert danna og utvinna, kva for konsekvensar dei geologiske prosessane har for miljø og klima, samspelet mellom naturlege og menneskeskapte endringar og naturkatastrofar som jordskjelv, flaum, ras, skred og vulkanutbrot.
Kva kan du bli
Yrkesvegar
Ved å studere geovitskap vil du få kvalifikasjonar som bedrifter søker etter. Du vil tileigne deg gode samarbeidsevner, vere strukturert og ha god forståing for problemløysing.
Studiet gir derfor kunnskap og kompetanse som kvalifiserer for mange ulike yrke. Sentrale arbeidsområde er for eksempel ressursforvaltning, leiting og utvinning av olje og gass, og geotekniske studiar i samband med bygging av vegar, tunnelar og bruer. Du kan også jobbe med klima og miljø. Dei seinare åra har det blitt større etterspørsel for geologar og geovitarar med kunnskap og erfaring med ras- og skredkompetanse.
Kandidatar i geovitskap er etterspurde innan forsking, petroleumsindustrien, private bedrifter, konsulentverksemder, offentleg forvaltning og skuleverket.
Studievegar
Bachelor
Primærfaga i det treårige studiet er geofysikk, geologi og matematikk.
- Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i geovitskap.
- Forsking
Fagmiljøet ved UiB er sterkt involvert i forsking innan petroleum, klima og geobiologi, og bidreg i fleire internasjonale forskingsmiljø. Senter for geobiologi er ei tverrfagleg forskingsgruppe med fokus på ekstreme miljø på den djupe havbotn og i den djupe biosfæra. Her søkast det etter evidens for liv, i form av biosignaturer, i rester av gamle bergartar.
- Sjå også desse studia
Matematiske fag, petroleum- og prosessteknologi, lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk, adjunktutdanning i matematikk og naturfag.
Overgangsordningar
Finn ut kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker: http://link.uib.no/?3S29o
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- kjenner fundamentale omgrep innan geofysisk og geologisk terminologi
- kan greie ut om jorda si oppbygning og dynamikk, samt dei indre og ytre prosessane som former jordskorpa
- kan gje ei oversikt av hovudtrekka i jorda si geologiske utvikling frå prekambrium til notid
- kan gjere greie for dei fysiske lovene som styrer seismisk bølgjeforplanting i jorda og grunnleggjande jordsskjelvseismologi
- kan beskrive teori og bruk for innsamling, prosessering og tolking av seismiske data
- kan beskrive korleis marin seismikk og andre geofysiske teknikkar vert nytta for å finne og monitorere utvinning av olje- og gassførekomstar
- kan forklare prinsipper og bruksområde for dei ulike potensialfeltmetodane som vert nytta innan geovitskap
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar til å hente inn relevant informasjon
- kan presentere skriftleg og munnleg om geofaglege tema
- kan gjennomføre grunnleggjande databehandling og tolking av seismiske data
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan gjere greie for geofaget sin eigenart og utvikling
- kan arbeide sjølvstendig og i lag for å løyse faglege problemstillingar
- kan formidle faglege konsept
- kan nytta vitskapleg metode og integrere, analysere, tolke og kritisk evaluere datasett for å teste hypotesar
- kan utføre geofysiske undersøkingar og feltarbeid i samsvar med god HMS-praksis
Oppbygging
Oppbygging
Krav til bachelorgraden i geovitskap er ei spesialisering på til saman 120 studiepoeng. Med ei hovudretning i geofysikk vel ein i siste del av studiet ei fordjuping i geologi eller matematikk.
Geofysikk:
1. - 2. semester er felles for alle på geofysikkretninga
1. semester: Examen Philosophicum, matematikk (grunnkurs I) og fysikk
2. semester: Geofysikk, matematikk (lineær algebra) og geologi (innføring)
3. - 6. semester: Fordjuping i geologi eller matematikk inkl. valemne
Matematikkfordjuping:
3. semester: Geofysikk og matematikk (algoritmar)
4. semester: Matematikk (grunnkurs II og differensiallikningar) og valemne
5. semester: Geofysikk (geodynamikk og bassengmodellering), matematikk (funksjonar av fleire variable) og valemne
6. semester: geofysikk (seismologi) og valemne
Geologifordjuping:
3. semester: Geofysikk og valemne
4. semester: Geologi (ekskursjon), matematikk (differensiallikningar) og valemne
5.semester: Geologi (sedimentologi, seismisk tolkning, og mineralogi eller geodynamikk)
6.semester: Geologi (tektonikk) og valemne
Studieretning | |||||||||
Studieretning i geofysikk (krav 180 SP) | |||||||||
Innføringsemne (krav 10 SP) | |||||||||
Seminarmodellen på ex.phil er primært eitt tilbod til 1.semesterstudentane | |||||||||
Vel minst eitt av emna | |||||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1–6 | 4 | |||||
EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1–6 | 4 | |||||
Innføringsemne (krav 10 SP) | |||||||||
Vel eitt av emna | |||||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||||
MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1–6 | 1 | |||||
Spesialisering i geofysikk (krav 120 SP) | |||||||||
Obligatorisk emne | |||||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||||
GEOV101 | Innføring i geologi | 10 | 1–6 | 1 | |||||
GEOV111 | Geofysiske metodar | 10 | 1–6 | 2 | |||||
GEOV112 | Den faste jordas fysikk | 10 | 1–6 | 3 | |||||
GEOV113 | Refleksjonsseismisk datainnsamling og prosessering | 10 | 1–6 | 3 | |||||
INF100 | Innføring i programmering | 10 | 1–6 | 1 | |||||
MAT112 | Grunnkurs i matematikk II | 10 | 1–6 | 4 | |||||
MAT121 | Lineær algebra | 10 | 1–6 | 2 | |||||
PHYS111 | Mekanikk 1 | 10 | 1–6 | 2 | |||||
Vel minst to emne | |||||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||||
GEOV102 | Ekskursjoner og øvelser i geologi | 10 | 1–6 | 4 | |||||
GEOV104 | Innføring i strukturgeologi og tektonikk | 10 | 1–6 | 4 | |||||
MAT131 | Differensiallikningar | 10 | 1–6 | 4 | |||||
Vel to av emna | |||||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||||
GEOV254 | Geodynamikk og bassengmodellering | 10 | 1–6 | 5 | |||||
GEOV276 | Introduksjon til teoretisk seismologi | 10 | 1–6 | 5 | |||||
GEOV277 | Signalanalyse og inversjon i geovitskap | 10 | 1–6 | 5 | |||||
MAT212 | Funksjonar av fleire variable | 10 | 1–6 | 5 | |||||
PHYS112 | Elektromagnetisme I | 10 | 1–6 | 5 | |||||
PHYS113 | Mekanikk 2 og termodynamikk | 10 | 1–6 | 5 | |||||
Valfrie emne (krav 40 SP) | |||||||||
Valfritt | |||||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||||
KJEM130 | Organisk kjemi | 10 | 1–6 | 1 | |||||
KJEM140 | Molekylær fysikalsk kjemi | 10 | 1–6 | 1 | |||||
KJEM299 | Bachelorprosjekt i kjemi | 10 | 1–6 | 1 | |||||
MOL201 | Molekylær cellebiologi | 10 | 1–6 | 1 | |||||
PHYS118 | Moderne fysikk I | 10 | 1–6 | 1 | |||||
Utveksling (krav 30 SP) | |||||||||
Valfritt | |||||||||
Utenlandsopphold, vår | |||||||||
Utenlandsopphold, høst | |||||||||
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester |
Korleis søke
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i geovitenskap, studieretning Geofysikk, studiekode i Samordna opptak: 184915.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og REALFA:
Matematikk R1 (eller S1+S2) og i tillegg anten:
Matematikk R2 eller
Fysikk 1 + 2 eller
Kjemi 1 + 2 eller
Biologi 1 + 2 eller
Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
Geofag 1 + 2 eller
Teknologi og forskningslære 1 + 2
Meir informasjon
Om programmet
Kontakt
Ta kontakt med studierettleiar på:
55 58 30 30