Hjem

Kognitiv vitskap, bachelor, 3 år

Kognitiv vitskap er eit datafagleg studium, der du lærer om kunstig intelligens og korleis den menneskelege hjernen fungerer.
  • Lengde3 År
  • Ordinær54,5
  • Primær48,5
  • Plassar29
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Menneskeleg tenking blir til i eit samspel mellom sansing, minne, språk, problemløysing og følelsar.  På bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil du lære å lage dataprogram som simulerer desse evnene, for å sjå om dataprogramma er i stand til å framvise åtferd som liknar menneskeleg intelligens.

I dette studiet vil du lære korleis dei ulike evnene til den menneskelege hjernen fungerer kvar for seg og samla. Du vil lære om korleis vi menneske reflekterer over kvardagslege hendingar, korleis vi forstår språk, og korleis vi sansar verda omkring oss. Du vil også lære om formelle logiske verktøy for å representere og bruke kunnskap. Samla kan ein bruke alt dette til å lage dataprogram som har kunstig intelligens, for eksempel dataspel, intelligente assistentar på mobilen, og program som støttar medisinsk diagnose.  

Innan kognitiv vitskap diskuterer vi spørsmål som:

  • Kva er naturlege språk, og korleis forstår og nyttar menneske dei?
  • Kva er logisk tenking, og kan maskinar tenke?
  • Korleis kan du bruke symbolsk logikk til å modellere menneskeleg intelligens?

Kunstig intelligens har blitt svært viktig i vårt samfunn, ettersom det vert nytta til å bestemme kva nyheitshistorier vi les, kva informasjon vi har tilgang til, og i framtida kanskje korleis sjåførlause bilar opererer. Derfor er det svært viktig for samfunnet at ingeniørar som byggjer disse systema, kan forstå korleis menneske vil handtere den informasjonen desse systema brukar og presenterer.

Gjennom studiet i kognitiv vitskap får du solide tekniske ferdigheiter, men enda viktigare er det at du lærer å analysere problem og ta ferdigheitene i bruk så effektivt som mogleg. Dette er nyttig for arbeidsgjevarar, ettersom det reduserer læringstid og betrar kvaliteten på løysingane.

Dette er det einaste studieprogrammet i kognitiv vitskap i Norge. Her lærer du både om kunstig intelligens, programmering og maskinlæring, men i tillegg fokuserer vi på menneskeleg informasjonshandsaming, noko som gjer programmet til ein vitskapleg snarare enn ein reint teknisk disiplin. 

Meir informasjon under

Bachelor i kognitiv vitskap

Jobb

Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tileigne deg både ein yrkesrelevant IT-kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking, ein kombinasjon som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden.  Fleire av våre tidlegare studentar jobbar med kunstig intelligens, språkteknologi, data science, programmering, systemdesign, brukarinteraksjon og produkt- og forretningsutvikling.

Informasjonsbehandling og programmering er ettertrakta i mange stillingar i industrien og i offentleg sektor.

Teknologiske nyvinningar innanfor ulike kunstig intelligens-tema vil gje deg ferdigheiter som er etterspurte hos selskap som satsar på slik teknologi. Aktørar som Google, Microsoft, IBM, Facebook og Apple er i dag svært opptatt av kunstig intelligens. 

Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet.

Etter bachelor kan du søkje deg vidare på eit toårig masterprogram i det faget du har spesialisering i: anten informasjonsvitskap, informatikk eller filosofi.

Meir informasjon under

Oppbygging

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Dei to første åra tek du obligatoriske fag. Det siste året vel du spesialisering i anten informatikk, informasjonsvitskap eller filosofi.

Slik er studiet lagt opp:

1. semester: 

  • KOGVIT101 - Introduction to Cognitive Science (10 studiepoeng) 
  • EXFAC00SK - Examen facultatum, Språk og kommunikasjon (10 studiepoeng) 
  • INF100 - Innføring i programmering (10 studiepoeng) 

2. semester: 

  • INF101 - Objektorientert programmering (10 studiepoeng) 
  • LOG110 - Introduksjon til formallogikk (5 studiepoeng) 
  • LOG111 - Deduksjon og metalogikk (10 studiepoeng) 
  • DASPSTAT - Statistikk for kognisjonsforsking (5 studiepoeng) 

3. semester: 

  • INF102 – Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng) 
  • LING122 - Språk og kognisjon (10 studiepoeng) 
  • INFO282 - Knowledge Representation and Reasoning (10 studiepoeng) 

4. semester: 

  • EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS Examen Philosophicum – seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng) 
  • FIL105 - Innføring i sinnsfilosofi (10 studiepoeng) 
  • PSYK120 - Biologisk og kognitiv psykologi (10 studiepoeng) 

5. semester: 

6. semester: 

Sjå oversikt over alle emne

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2019? Sjå oppbygging her.

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2022? Sjå oppbygging her.

Studiekvardag

Som bachelorstudent blir du del av eit godt studentmiljø. Studentane på kognitiv vitskap er ei aktiv og tett gruppe med 20-30 studentar på kvart kull, med eiga linjeforeining. Dei er også ein del av eit større studentmiljø på Institutt for informasjons- og medievitskap. Her vert det arrangert festar, quiz og bedriftspresentasjonar

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.

Undervisninga  og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Det er mellom 14 og 18 timar undervisning i veka, blant anna forelesingar og praktiske øvingar. Mange av forelesingane er i seminarform, med stor grad av samhandling og kontakt mellom forelesaren og studentane.

I ei vanleg undervisningsveke bruker du mye tid på løysing av praktiske oppgåver på datalab, i tillegg til forelesingar, seminar-grupper, gruppearbeid og sjølvstudium.

Studentar i kognitiv vitskap kan bruke lesesalar og datalabar både på SV-fakultetet og MatNat-fakultetet på Nygårdshøgda i Bergen sentrum.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva lærer du

Etter å ha fullført bachelorprogrammet i kognitiv vitskap

  • forstår du korleis intelligent system fungerer, både hos menneske og i datamaskiner, slik at du kan evaluere eit problem og finne dei beste løysingane. 
  • har du ferdigheiter og erfaring innanfor programmering og datahandsaming retta mot utvikling av kunstig intelligente datasystem og resonnerande programvare.  
  • kan du analysere kognitive prosessar, språk, og andre komplekse fenomen med relasjon til menneskeleg åtferd. 

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du kan reise på utveksling til for eksempel Hong Kong, Italia, Japan, Nederland, Sør-Korea eller USA.

Du kan reise ut i eitt eller to semester. Det vanlegaste er å dra i det femte og/eller sjette semesteret.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søk her