Historie, master, 2 år
- Lengde2 År
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Historie er faget om fortida til menneska: Om samhandling og konflikt i ulike samfunn frå antikken til i dag, lokalt, nasjonalt og globalt. Faget handlar om kulturell, sosial, politisk og økonomisk utvikling over tid, og om kva klasse, nasjonalitet og etnisitet, alder og kjønn har å seie for samfunnsutviklinga.
- Korleis vert historie skriven i ulike delar av verda?
- Korleis kan historie bidra til å tolke og vurdera verda vi lever i?
- Kva teoretiske og metodiske grunnproblem finnes i arbeid med forsking på historie?
I ein globalisert og kompleks verd gir masterprogrammet i historie ein unik kompetanse i forståing og tolking av samtida i lys av fortida. Evna til å handsame store informasjonsmengder og utføre sjølvstendig og kritisk analyse gjer studentane våre særleg attraktive for næringslivet.
Mastergradsstudiet gir deg djupare innsikt i arbeidet med kjelder og dei problema som oppstår i tilknyting til dette innafor historieforskinga. Gjennom arbeidet med masteroppgåva får du òg ei innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid.
Jobb
Masterprogrammet kvalifiserer deg for stillingar der realhistoriske kunnskapar, dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i historiefagets forskingsmetodar er relevante.
Utdanninga opnar òg for karriere innan
- skuleverket
- museum
- offentlege og private arkiv
- kulturinstitusjonar
- media
- offentleg og privat forvaltning
Studiet kan gje grunnlag for vidare ph.d.-utdanning i historie. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet.
Du kan gå vidare til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som kvalifiserer deg til å undervise i ungdomsskule og vidaregåande skule.
Meir informasjon under
Oppbygging
Masterprogrammet i historie er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.
Tilrådd plan for studiet:
1. semester
2. semester
- HIS303 - Forskingsproblem og kjeldearbeid (15sp) (obligatorisk emne)
- HIS304 - Teknikkar i historiefaget (15sp) eller
- HIS308 - Historieformidling (15 sp) eller
- HIS309 - Historikarens arbeidsmåtar (15 sp)
- AHKR300 – Forskingsetikk (0 sp) (obligatorisk emne)
3. og 4. semester
-
HIS350 - Masteroppgåve (60 sp) (obligatorisk)
Studiekvardag
Gjennom heile studiet får du følge eit masterseminar og diskutere med studentar innan same forskingsområde eller tidsperiode. Masterseminara er kronologisk og tematisk inndelte og organiserer alle masterstudentane og rettleiarane i faste seminargrupper med faste møteplanar. Her får du jobbe aktivt med ditt masterprosjekt med diskusjon og tilbakemelding frå både medstudentar og lærarar. Med deltaking i masterseminar får du eit godt miljø både fagleg og sosialt, og studentane melder at denne organiseringa er inspirerande og gir sjølvtillit.
Masterprogrammet i historie har undervisning cirka 5 timar kvar veke. I tillegg blir det mykje sjølvstudium og skriving av ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Litteraturen er på engelsk og norsk.
Masteroppgåve Masterprogrammet i historie tilbyr stor spennvidde av moglege forskingstema. Dette gir deg ein unik moglegheit til å arbeide med eit forskingsprosjekt som du brenner for i samarbeid med rettleiarar som er blant dei fremste på sitt felt.
Informasjon om moglege tema og rettleiarar for masteroppgåva.
Historieforsking ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR).
Feltarbeid og datainnsamling
Det mest vanlege for studentane våre er å samle inn empiri ved å reise på besøk til arkiv eller museum i arbeidet med masteroppgåva. Du kan søke instituttet om økonomisk støtte til dette. Det finst òg ekstra reisetilskot du kan søke om til nokre typar langvarige reiser.
Kva lærer du?
Ein som har tatt mastergrad i historie:
- har avansert kunnskap innanfor sitt forskingsfelt, og spesialisert innsikt i temaet som er gjenstand for masteroppgåva
- kan forholde seg kritisk til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, og kan bruke fagets teori, metodar og teknikkar i sjølvstendig løysing av historiske problem
Fullstendig liste med læringsutbyte.
Utveksling
Du kan reise på utveksling til Danmark, Frankrike, Storbritannia eller Tyskland. Det er lagt opp til at du kan reise ut i eitt semester.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april.