Latin, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar2
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår
Hovedinnhold
Kva lærer du?
På masterprogrammet i latin spør vi:
- Kva kan vi lære av antikken sin litteratur?
- Korleis framstilte romersk poesi farskap i antikken?
- Korleis kom alfabetet til Noreg?
- Kor mange bøker fanst det i Noreg før reformasjonstida?
- Korleis lærte folk latin i mellomalderen?
Latin omfattar poesi og prosa i antikken, men òg svært mange tekster frå mellomalderen og nyare tid. Holberg skreiv for eksempel boka Nils Klims underjordiske reise på latin før ho vart omsett til dansk.
Masterstudiet i latin gir praktisk øving i å tolke framande kulturuttrykk i deira eigen kontekst. Det øver opp evna til å skaffe seg oversyn over eit materiale, til å analysere det og å uttrykke seg nøyaktig.
Studiekvardag
Masterprogrammet i latin har undervisning i form av forelesingar og seminar, cirka seks timar kvar veke. Litteraturen er på latin. I tillegg blir det mykje sjølvstudium og skriving av ei masteroppgåve. Fagmiljøet jobbar tett med deg som student for å finne eit tema for masteroppgåva som passar for deg. Du vil få ein rettleiar som har god kunnskap om temaet du skriv om. Som masterstudent kan du knytte deg til ei forskargruppe.
Som masterstudent i latin blir du del av eit godt læringsmiljø. Du vil ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Samfunnet og næringslivet har eit stort behov for folk som kan jobbe sjølvstendig og har solid fagkunnskap.
Graden gir eit godt allment grunnlag for arbeid i alle verksemder der ein verdset avansert språkleg kompetanse, kritisk-analytisk evne og innsikt i dei lange linjene i den europeiske kulturhistoria. Latin er relevant for arbeid i skulen eller på universitetet, i bibliotek eller arkiv, i museum og innanfor kulturarvsforvaltning. Du kan bidra med formidling og omsetting av klassisk litteratur eller historiske kjelder, for eksempel gjennom forlag eller i media.
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.
Søknadsfristen er 15. april for høstopptak og 1. november for våropptak.
Studiets oppbygging
Eit masterprogram i latin kan sjå slik ut:
1. semester
- Latin tekstpensum (15 studiepoeng)
- Valemne (15 studiepoeng)
2. semester
- Særpensum (15 studiepoeng)
- Teori og metode med prosjektførebuing (15 studiepoeng)
3. og 4. semester
-
Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Utveksling
Det er lagt opp til at du kan reise ut i eitt semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Mastergrad i latin kan gi grunnlag for opptak til ph.d.-programmet.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.