Allmenn litteraturvitskap, master, 2 år
- Lengde2 År
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår
Hovedinnhold
Som masterstudent i allmenn litteraturvitskap lærer du dei faglege omgrepa som trengst for å beskrive hovudlinene i litteraturhistoria.
Du får innsikt i grunnleggande estetiske og litteraturteoretiske problemstillingar:
- Kan vi bruke litterær analyse til å forstå alle slags tekstar?
- Kva er litteraturen si oppgåve i samfunnet?
- Kva skil det litterære språket frå andre måtar å bruke språket på?
- Kva slags forskjell kan det utgjere om det er kvinner eller menn som skriv og les tekstar?
Gjennom masterstudiet får du styrka di evne til kritisk å analysere alle slags tekstar, både skjønnlitterære og faglitterære.
Du lærer å arbeide sjølvstendig med eit problem over lang tid og skrive ei lengre resonnerande litteraturvitskapleg framstilling som er akademisk reieleg og i tråd med forskingsetiske normer.
Samfunnet treng denne kompetansen mellom anna for å ta vare på den litterære kulturarven og den større litteraturestetiske refleksjonen, og for å holde i hevd den kritiske lesinga av alle typar tekstar.
Jobb
Utdanninga gir grunnlag for å arbeide innan skoleverket, forlagsbransjen, media/kommunikasjon og alle former for kulturformidling.
Som ferdig masterkandidat har du lært å lese, skrive og tenke kritisk om tekst reint allment.
Framtidige arbeidsgivarar vil sette pris på at du kan:
- skrive og formidle et sjølvstendig akademisk arbeid både i og utanfor fagmiljøet, i eit presist språk
- tole å få og gi konstruktiv kritikk, og å sjå utviklingspotensialet og vurdere kvaliteten av eigne og andre sine skriftlege arbeid
- tenke analytisk og kritisk på måtar som kan bidra til nye perspektiv overalt der ein les og skriv tekst.
Meir informasjon under
Oppbygging
Masterprogrammet i litteraturvitskap er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august, med suppleringsopptak i januar.
Eit masterprogram i allmenn litteraturvitskap kan sjå slik ut:
1. semester:
- ALLV301 Litteraturvitskapleg grunnkurs (obligatorisk - 15 sp.)
- ALLV303 Litteraturvitskapleg særemne I eller eit anna tilrådd valemne (15 sp.)
2. semester:
- ALLV302 Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære (obligatorisk - 15 sp.)
- ALLV304 Litteraturvitskapleg særemne II eller eit anna tilrådd valemne (15 sp.)
3. og 4. semester:
-
ALLV350 Masteroppgåve (obligatorisk - 60 sp.)
Studiekvardag
Som masterstudent i litteraturvitskap plasserer du deg sjølv midt inne i det litterære feltet og den litterære kulturen. Du møter engasjerte fagfolk som driv utstrekt forsking, formidling og litteraturkritikk i den norske litterære offentlegheita.
Du blir del av eit godt læringsmiljø på instituttet med andre entusiastiske studentar som ofte har kontaktar til det rike litterære livet i byen elles, som forfattarane, Skrivekunstakademiet, Litteraturhuset og Bergen Offentlige Bibliotek. (lenke) Du får god tid til å gå i djupna på eit tema du interesserer deg for.
Programmet har undervisning i form av forelesingar og seminargrupper, cirka 7 timar kvar veke. I tillegg blir det mykje sjølvstudium og skriving av ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Litteraturen er på engelsk og norsk.
Masteroppgåva For å finne tema, tek du utgangspunkt i eigne faglege og personlege interesser.
Gjennom det første semesteret siktar du deg inn mot eit prosjekt i diskusjon med faglærarar, og i løpet av semesteret får du tildelt ein fagleg passande rettleiar. Student og rettleiar brukar å møtast med jamne mellomrom for å diskutere tekstutkast og utfordringar du står overfor. Du brukar all tid på å skrive masteroppgåva i femte og sjette semester.
Dersom du skriv masteroppgåve om eit tema knytt til ei aktiv forskargruppe, vil du kunne delta der. Dette er spesielt aktuelt for deg som har forskingsambisjonar. Vi tilbyr òg eigen pult på masterlesesalen.
Kva lærer du?
Med ein mastergrad i allmenn litteraturvitskap:
- har du inngåande kjennskap til litteraturvitskapleg teori og metode
- kan du analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
- har du innsikt i faget sitt nedslagsfelt ved universiteta og høgskulane, og ved kulturinstitusjonar som museum eller bibliotek, forlag, presse og i media generelt.
Utveksling
Det er lagt opp til at du kan reisa ut i eitt semester. Studierettleiar kan svara på kva slags avtaler du kan bruka, og hjelpa deg med å tilpassa utdanningsplanen din.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april