Hjem
Utdanning

Utdanning

Studieplan for MAMD-GVEIL Genetisk veiledning, haust 2020

Namn på grad

Masterprogram i helse og samfunn, studieretning Genetisk rettleiing

Omfang og studiepoeng

Studieprogrammet er på 120 studiepoeng (sp)

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Det overordna målet med studieretninga Genetisk rettleiing er at studenten skal tileigne seg ein heilskapleg kompetanse om utviklinga innan medisinsk bruk av bioteknologi, med krav om medisinsk genetisk kunnskap, så vel som omfangsrik kunnskap om kommunikasjon og rettleiing. Studieretninga tar opp den psykiske og eksistensielle påkjenninga genetisk risikoinformasjon kan ha for pasient og familie, og forholdet mellom medisinsk bruk av bioteknologi og helse vert problematisert. Det er mogeleg å velje mellom ei klinisk fordjuping i genetisk rettleiing, med ei masteroppgåve tilsvarande 30 sp og 30 sp klinisk praksis, og ein meir forskingsretta master med ei oppgåve på 60 sp

Opptakskrav

Søkar må minst ha bachelor eller tilsvarande innan helserelaterte fag.
Ved opptak til genetisk rettleiing vil søkarar med relevant erfaring prioriterast.
Søkarar må ha ein snittkarakter på minimum C i opptaksgrunnlaget.

Obligatoriske emne

Obligatoriske emner for studieprogrammet:

HELSAM301 - Introduksjon til helse og samfunn(10 sp)

HELSAM302 - Forskningsetikk og vitenskapsteori (5 sp)

HELSAM303 - Forskningsmetode (5 sp)

HELSAM304 - Kvalitativ metode (10 sp)
eller HELSAM305 - Kvantitativ metode (10 sp)

Spesialiseringsemner:

GENV301 - Introduksjon til medisinsk genetikk og genetisk rettleiing (10 sp)
GENV302 - Genetisk utgreiing og -rettleiing (20 sp)
GENV303 - Genetisk rettleiing: klinisk praksis (30 sp)
GENV399 - Masteroppgåve (30 sp)

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir brukt studentaktive arbeids- og undervisingsformer i alle emne i studiet, som:

- Førelesingar med studentførebuande og studentaktive element

- Seminar knytt til obligatoriske oppgåver med munnlege og skriftlege presentasjonar og tilbakemeldingar frå medstudentar og faglærarar

- «Workshops»

- Sjølvstudium

- Sjølvstendig forskingsoppgåve

- Klinisk praksis

Vurderingsformer

Vurderingsformene vil variere og tilpassast lærings-utbyttebeskrivingane i emna. Fylgjande former blir brukt:

- Essay

- Skriftlege heime-oppgåver

- Fleirvalsoppgåver

- Munnlege presentasjonar

- Refleksjonsnotat

- Masteroppgåve følgd av munnleg, justerande eksamen
- Praktisk, klinisk eksamen

Karakterskala

Det blir brukt både karakterskala A-F og bestått/ikkje bestått på emna i studieløpet.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningsliner for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Som utdanningsinstitusjon skal vi vurdere om du er skikka til å utøve yrket som helse- eller sosialpersonell. Vurderinga omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader, og vil gå føre seg under heile utdanninga - jf. Forskrift om vurdering av skikkaheit i høgare utdanning (gjeldande frå 1. august 2006).

Det er krav om politiattest ved studiestart.

Programansvarleg

Programutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emna og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie@igs.uib.no