Hjem
Utdanning

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

Denne studieplanen gjeld frå og med opptak til haust 2024

Mål og innhald

Lektorprogrammet utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skulen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i to universitetsfag med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.

Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.

Studiet utdannar lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.

Studiet gjev ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på tilrettelegging for læring, analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, og trening i skriftleg og munnleg presentasjon. Vidare gjev studiet grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, om skulefaga og fremje ferdigheiter for praktisk yrkesutøving.

I studieretninga inngår fordjuping i biologi (fag 1). Utdanninga vert avslutta med ei masteroppgåve innan biologi eller biologi-/naturfagdidaktikk. I tillegg inngår 60 studiepoeng i eit av faga kjemi eller matematikk (fag 2). Dette gir studenten grunnlag for undervising i to fag i vidaregåande skule. Studentane veljar fag ved studiestart.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har solide grunnkunnskapar i biologi (fag 1) og et av faga matematikk eller kjemi (fag 2)
  • kan gjere greie for grunnleggande prinsipp, omgrep og teoriar innan biologi (evolusjon, økologi, genetikk, molekylærbiologi, cellebiologi og livsprosessar)
  • kjenner til hovudlinene om livets opphav, hovudgruppene av levende organismar, kva som styrer arters utbreiing, samanhengar i naturen og biologisk mangfald
  • har teoretisk og praktisk kunnskap på høgt nivå med fordjuping i et gitt biologisk eller biologididaktisk tema
  • har grunnleggande kompetanse i programmering og erfaring med bruk av IKT i biologiske simuleringar og utrekningar
  • har inngåande kunnskap om vitskaplege problemstillingar, forskingsteoriar og -metodar i realfaglege, pedagogiske og fagdidaktiske spørsmål
  • har kunnskap om utviklinga av skulen som organisasjon og brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet
  • har kunnskap om biologi og et annet realfag som skule- og forskingsfag, inkludert betydning for kultur og samfunnsutvikling
  • har inngåande kunnskap om relevant forskingslitteratur og gjeldande lov- og planverk
  • har kunnskap om ungdomskultur og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar og om deira rettigheiter i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og ha kjennskap til teikn på vald og seksuelle overgrep mot barn og unge og korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • gjennomføre systematiske undersøkingar av biologiske system, nødvendige utrekningar, analysere og tolke data
  • handtere utstyr på laboratoriet/i felt og nødvendig bio- logisk materiale på en trygg måte
  • planlegge og gjennomføre laboratorie-/feltarbeid/eksperimenter/demonstrasjonar som kan føre til produktive læringsprosessar
  • orientere seg i faglitteratur, analysere og forhalde seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teoriar innanfor fagområda
  • anvende faglitteratur og andre relevante informasjon- skilder til å strukturere og formulere faglege resonnement på ulike områder
  • anvende relevant forskingslitteratur på områder som er relevant for profesjonsutøvinga
  • anvende forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande ferdigheiter og planlegge og lede undervisning på ulike læ- ringsarenaer som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
  • på et sjølvstendig og fagleg grunnlag bruke varierte arbeidsmetodar, relevante metodar frå forsking og fagleg utviklingsarbeid til å differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
  • nytte digitale verktøy i undervisning, planlegging og kommunikasjon samt rettleie unge i deira digitale kvardag
  • beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elever si læring, gi læringsfremmande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over egen læring og egen fagleg utvikling
  • identifisere særskilte behov hos barn og unge, og ha kjennskap til teikn på vald eller seksuelle overgrep, og kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfagleg og tverretatlege samarbeidspartnarar ved behov
  • gjennomføre et sjølvstendig, avgrensa og profesjonsrelevant forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • bruke dagsaktuelle/samfunnsaktuelle saker/kontroversar (avis, debattsider) til å vise realfaglege aspekt og korlei dei påverkar våre haldningar/vår tenking rundt disse sakene, og til å utvikle en betre forståing

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan bidra til nytenking og gjennomføre profesjonsretta fagleg utviklingsarbeid alene og i samarbeid med andre
  • kan dele døme på innovasjonsprosessar og tilrettelegging for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
  • kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøving på et fagleg avansert nivå
  • kan opptre profesjonelt og kritisk reflektere over og analysere faglege, profesjonsetiske, forskingsetiske og utdanningspolitiske spørsmål og problemstillingar
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle egen kompetanse og bidra til både kollegaers og skolens
  • faglege og organisatoriske utvikling
  • har innsikt i korleis bygge relasjonar til elever og føresette, og døme på korleis samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og LÆREAL:

Matematikk R1 (eller S1+S2) og i tillegg anten:

  • Matematikk R2 eller Fysikk 1 + 2 eller
  • Kjemi 1 + 2 eller
  • Biologi 1 + 2 eller
  • Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
  • Geofag 1 + 2 eller
  • Teknologi og forskningslære 1 + 2

Det er òg eit krav om minimum gjennomsnittskarakter 3 i norsk og minimum 35 skulepoeng.

I tillegg: Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)

Tilrådde forkunnskapar

Studentar som vel kjemi som fag 2 bør ha Kjemi 2 for å kunne holde normert studieprogresjon.

Studentar som vel matematikk som fag 2, bør ha Matematikk R2 for å kunne holde normert studieprogresjon..

Obligatoriske emne

Fellesemne:

  • Totalt inngår 100 dagar praksis:
  • 10 dagar som del av PEDA130
  • 10 dagar som del av REALDID100-P
  • 2 periodar à 35 dagar som egne langpraksisemne
  • 10 dagar campusbasert kampusbasert praksis

Spesialisering:

Minimum 40 studiepoeng valt med tanke på masteroppgåva i tråd med tilrådingar/i samråd med rettleiar

Fag 2: Eitt av faga

Kjemi:

Matematikk:

Tilrådde valemne

Alle studieløp i lektorprogrammet i realfag inneheld 10 studiepoeng som er heilt valfri. Det vert tilrådd å bruke dei til å ta eit SDG-emne eller anna emne som kan styrke den realfaglege kompetansen.

Delstudium i utlandet

Studentane blir oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal erfaring.

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand og kan bli rettleidd og avtalt i samarbeid med studiekonsulent på programmet og dei fagleg ansvarlege institutta.

Kva semester som er best egna for utalandsopphald for å ta emne, avhenger av spesialisering og fag 2.

I 8. semester er det mogleg for ei gruppe av studentar å gjennomføre praksis på skule i Cape Town.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåve, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy. I tillegg vil det i enkelte emnar inngå laboratoriearbeid, ekskursjonar og rapportskriving. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper.

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer, til dømes skriftleg og munnleg eksamen, mappevurdering, prosjekt og praksis.

For nærmare informasjon om vurderingsformer, sjå emneplanane for dei einskilde emna.

Relevans for arbeidsliv

Lektorprogrammet i naturvitskap og matematikk kvalifiserer for tilsetjing på trinn 8-13 i den norske skulen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i to fag.

I tillegg gir lektorutdanning eit godt grunnlag for yrke utanfor skulen der kombinasjonen av kommunikativ og realfagleg kompetanse er etterspurt, til dømes formidling og opplæring innan næringsliv, industri og forvaltning. Vidare kan lektorutdanninga vere første steg inn mot ei forskarkarriere.

Evaluering

Lektorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 1714) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf.§ 4-10 andre ledd)

Programansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Lektorutdanningsutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet. Styringsgruppe og felles programstyre for lektorutdanning har eit overordna koordinerande ansvar.

Adminstrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Matematisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

lektor.realfag@uib.no