Læreplan og undervising

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som overordna mål å gje lektorstudentar fagleg forståing for læreplanen og undervisninga i ljos av allmenndidaktiske problemstillingar.

Studentane vil for det fyrste få eit oversyn over korleis læreplanen i skulen vert forma av utdanningspolitiske strøymingar, historisk og i notid. Læreplanen er den sentrale didaktiske ressursen i lærararbeidet, samstundes som han er eit verktøy for politisk styring. Emnet vil gje innsikt i problemstillingar som spring ut av dette spenningsforholdet.

For det andre vil emnet gi ei innføring i allmenndidaktiske perspektiv på undervisning, med vekt på å gjere synleg ulike didaktiske omsyn, som mål, innhald, verkemiddel, føresetnader og rammer, læraren må balansere og sjå i samanheng.

For det tredje vil emnet bidrage til studentane sitt kunnskapsgrunnlag for å kunne gjere eigne didaktiske refleksjonar og avgjersler. Her vil emnet presentere teoriar om læring, motivasjon, vurdering, digital teknologi, estetikk og moralsk danning. Vekta vil liggje på korleis teoriane kan gje føringar for god undervisning og kva som skaper eit godt læringsmiljø i klasserommet. Prinsipp om inkludering og tilpassa opplæring vil verte gitt eit særskild fokus som ideal og praksis.

Gjennom deltaking i emnet vil studentane få styrke danninga av eigen profesjonell identitet og få øve opp dygder som leiarskap, kritisk tenking og gode vurderingsevne.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har brei kunnskap om allmenndidaktiske perspektiv på undervisning og læreplanar
  • har fagleg forståing for historiske og notidige samanhengar mellom utdanningspolitikk og læreplanar
  • har oversyn over sentrale teoriar om læring, motivasjon, estetikk og moralsk danning, og deira tyding for undervisning og læringsmiljø
  • har reflektert kjennskap til didaktiske perspektiv på digital teknologi og vurdering
  • har pedagogikkfagleg innsikt i prinsipp om inkludering og tilpassa opplæring som ideal og praksis
  • har kunnskap om det fleirkulturelle klasserommet historisk og i nåtid, og kjenner til de lovmessige og politiske føringane som gjeld for samar, nasjonale minoritetar og minoritetsspråklege elever generelt

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan på ein sjølvstendig og reflektert måte drøfte praktiske undervisningssituasjonar og aktuelle læreplanar i ljos av allmenndidaktiske og utdanningspolitiske perspektiv
  • kan gjere bruk av teoriar om læring, motivasjon og moralsk danning til å analysere og diskutere god undervisning og eit godt læringsmiljø
  • kan reflektere over den didaktiske rolla digital teknologi, vurdering og estetikk kan spele i undervisninga og læringsmiljøet
  • kan drøfte fagleg korleis prinsipp om inkludering og tilpassa opplæring kan sjå ut i praksis
  • kan drøfte dilemma som kjem til uttrykk i det fleirkulturelle klasserom

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan syne gode og kritiske vurderingsevne i arbeid med undervisning og læreplanar
  • kan gjere nytte av sentral pedagogikkfagleg og allmenndidaktisk kunnskap for å reflektere over og grunngje praktiske avgjersler i læraryrket

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
PEDA121 + PEDA122 = 10 studiepoeng i reduksjon.
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på femårig lektorprogram.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i førelesingar og seminar i mindre grupper. Seminara legg opp til studentaktive undervisningsformer og det vert forventa at studentane førebur seg ved å lese avtalte tekstar i forkant av seminara.

Kvar student har tilbod om 1 time individuell rettleiing på eit utkast til semesteroppgåva. I tillegg skal studentane gje tilbakemelding på semesteroppgåveutkasta til kvarandre.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Førebudd deltaking på seminar
  • Innlevering av semesteroppgåveutkast til rettleiing
  • Gje tilbakemelding på semesteroppgåveutkasta til to medstudentar
  • Vurderingsformer

    I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

    • Semesteroppgåve (3000 ord +/- 10%) med utgangspunkt i læringsutbytet i emnet
    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakende evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Alle.
    Merk at bruk av ChatGPT og andre AI-tekstgeneratorar ikkje er tillaten i innleverte skriftlege arbeid.
    Programansvarleg
    Det matematisk-naturvitskapelege fakultet
    Det humanistiske fakultet
    Det samfunnsvitenskapelege fakultet
    Emneansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet