Hjem

Global Development Theory and Practice, master, 2 år

Masterprogrammet i global utviklingsteori og -praksis (GLODE) gir deg grundig innsikt i globale utviklingsprosessar gjennom kritisk evaluering av relevante teoriar og berekraftig levekårsutvikling.
  • Lengde2 år
  • Plassar20
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (Haust)

Studiet har ein stor praksisdel. Dette omfattar gruppearbeid med ein organisasjon i Bergen for å løyse eit problem eller evaluere eit prosjekt. Studentane kan i tillegg vere praktikantar hos globale organisasjonar, kommunar eller små frivillige organisasjonar, i Noreg eller i utlandet. 

Fleksibilitet

I eit internasjonalt studiemiljø gir GLODE-programmet deg en rekkje alternativ. For det første er det mogleg å velje spesialisering:

Spesialiseringa Helsefremjande arbeid gir deg kompetanse innan teori og praksis knytt til helsefremjande arbeid i samanheng med global utvikling.  Denne tilnærminga fokuserer på menneske og lokalsamfunn, slik at dei kan identifisere utfordringar så vel som ressursar og strategiar for å handtere dei. I tillegg til dette nedanfrå-og-opp-perspektivet skal helsefremjande tiltak sikre at helsekonsekvensar av ovanfrå-og-ned-tiltak blir vurderte på lokalt, nasjonalt og internasjonalt politisk nivå.

Kjønn innan global utvikling gir deg kompetanse innan kjønnsanalyse og feministisk analyse i ein global utviklingskontekst, inkludert postkoloniale perspektiv og teoriar om maskulinitetar.  Her set ein fokus på kjønnsmaktrelasjonar og sårbarheiter, og prosessar for myndiggjering og sosial endring.

For det andre kan du i studiet vårt også velje mellom ei masteroppgåve på 60 SP eller eitt semester praktikantstilling og ei masteroppgåve på 30 SP. Dette er eit høve til å utvikle og gjennomføre eit uavhengig forskingsprosjekt under tilsyn av tilsette i GLODE-programmet, og dermed utvikle ferdigheitene dine som forskar.

For det tredje kan du velje å opparbeide deg større innsikt og ferdigheiter i anten kvalitative forskingsmetodar eller statistisk analyse.

Kva kan eg bli

Ein mastergrad i global utviklingsteori og -praksis kvalifiserer deg for arbeid innanfor mange ulike bistandsorganisasjonar (FN, nasjonale utviklingsorgan og frivillige organisasjonar), i tillegg til nasjonal og lokal offentleg administrasjon.

Du opparbeider deg gode ferdigheiter i tverrfagleg samarbeid og veit korleis du skal administrere team med medlemmar med ulik fagleg bakgrunn, og frå organisasjonar i lokalsamfunnet.

Nyutdanna vil òg vere kvalifiserte til å jobbe som forskingsassistentar både i industrien og i offentleg sektor.

Toppstudentar kan òg kvalifisere for opptak til doktorgradsprogram (ph.d.) ved universitet over hele verda.

Meir informasjon under

Oppbygging

Programmet omfattar to studieår (fire semester) og startar om hausten.

1. semester:

  • Kritiske tilnærmingar til global utvikling (20 studiepoeng) (obligatorisk)
  • Innføring i metode (10 studiepoeng) (obligatorisk)

2. semester:

  • Utviklingspraksis (10 studiepoeng) (obligatorisk)
  • Anten kvalitative metodar og forskingsplanlegging (10 studiepoeng) eller statistisk analyse og forskingsplanlegging (10 studiepoeng)
  • Anten spesialisering i kjønn innan global utvikling: Kjønnsanalyse innan global utvikling – kjerneperspektiv og problem (10 studiepoeng) (obligatorisk) eller spesialisering i helsefremjande arbeid: Innføring i helsefremjande arbeid (10 SP) (obligatorisk)

3. semester:

  • Anten praksis (30 SP)
  • Eller masteroppgåve – semester 1 av 2

4. semester:

  • Anten masteroppgåve (30 SP)
  • Eller masteroppgåve – semester 2 av 2 (60 SP)

    Sjå oversikt over alle kurs

    Dette vil du lære

    Med ein mastergrad i global utviklingsteori og -praksis kan du gjennomføre kritisk analyse innan feltet global utvikling, på både politisk og akademisk nivå. Du er òg i stand til å implementere og evaluere prosessane og resultata av utviklingstiltak i samarbeid med lokalsamfunn.

    Fullstendig liste over læringsutbytte 

    Utveksling

    Det er vanlegvis ikkje mogleg å studere i utlandet i dette programmet. Du kan likevel reise som ein del av feltarbeidet ditt for masteroppgåva eller i samband med ei organisert praktikantstilling.

    Dersom du vel alternativet med ei masteroppgåve på 30 SP pluss ei praktikantstilling på 30 SP, oppmodar vi det til å ta ei praktikantstilling i utlandet i eitt semester ved eit av universiteta vi samarbeider med (lenkje) eller hos ein organisasjon. Praksisen kan ein òg gjennomføre hos ein norsk organisasjon.

    Dersom du skriv masteroppgåva på 60 SP, oppmodar vi deg om å ta eit studieopphald i utanlandet for å gjennomføre feltarbeid og/eller samle inn data.

    Korleis søke

    Følg retningslinjene for korleis du skal søkje, avhengig av kva for ei søkjargruppe du høyrer til:

    Du må også oppfylle dei spesifikke opptakskrava for studieprogrammet