Hjem
Utdanning
Studieretning

Åtferd og nevrovitskap

  • Lengde2 År
  • PlassarDet er måltal om 4 studentar på denne studieretninga.
  • Studiepoeng120

Hovedinnhold

Introduksjon

Mål og innhald

Studieretninga handlar om samanhengen mellom hjerne- og sentralnervesystem, åtferd og kognisjon. Studieretninga byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (som inkluderer biologisk psykologi ) og er eigna for studentar som ønskjer ei vidare utdanning i faget. Det første semesteret gjennomfører studentane undervisning og seminar med vekt på aktuelle perspektiv i psykologisk forsking, vitskapsteori og forskingsmetode. Dei påfølgjande semestera skal studentane fordjupe seg innan basal og anvendt nevrovitskap i samanheng med åtferds- og kognisjonsforsking. I det siste studieåret blir studentane knytt til ei av forskingsgruppene på fakultetet, og skal skrive ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. .

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidaten skal ved fullført grad ha

  • inngåande kunnskap om vitskaplege teoriar, metodar og funn innan åtferd og nevrovitskap.
  • inngåande kunnskap om fagetiske problemstillingar.

Ferdigheiter

Kandidaten skal ved fullført grad kunne

  • nytte kunnskapane og evnene sine på nye område for å gjennomføre prosjekt og oppgåveløysingar innanfor fordjupingsområdet.
  • analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar og arbeide sjølvstendig med teoretisk og praktisk problemløysing innanfor fordjupingsområdet.
  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt som er i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar.

Generell kompetanse

Kandidaten skal ved fullført grad kunne

  • tileigne seg ny forskingsbasert kompetanse med tanke på å utvikle eigne kunnskapar og evner i psykologi og nevrovitskap.
  • identifisere og utvikle relevante problemstillingar og forskingsprosjekt innanfor åtferd og nevrovitskap.
  • vurdere kvaliteten og relevansen av eksisterande forsking i åtferd og nevrovitskap.
  • reflektere over og drøfte etiske, faglege og praktiske aspekt i den framtidige yrkesrolla si.

Korleis søke

Opptakskrav

Opptakskrava til Master i psykologi, studieretning åtferd og nevrovitskap:

  • Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad).
  • Spesialisering på 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande.
  • C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa.
  • Andre faglege krav

    • Bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande på minst 10 studiepoeng
    • 5 studiepoeng i biologisk psykologi med C-krav, tilsvarande biologisk psykologidelen i PSYK114 Utviklings-, kognitiv- og biologisk psykologi ved UiB. For interne søkarar er biologisk psykologi (5 studiepoeng) ein del av PSYK114 og denne delen kan ikkje trekkast ut frå PSYK114. Derav er det karakteren på PSYK114 som får C-krav i opptaksgrunnlaget.
  • Det presiseras at søkarane må ha god skriftleg og munnleg førestellingsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.

Sjå dei spesielle opptakskrava for masterprogrammet i psykologi for meir informasjon.

Meir informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen