Hjem
Utdanning

Utdanning

Studieplan for PSYKNEVRO Åtferd og nevrovitskap, vår 2020

Mål og innhald

Studieprogrammet byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande for studentar som ønskjer ei vidare utdanning i faget. Biologisk psykologi på bachelornivå er ein føresetnad. Det første semesteret gjennomfører studentane undervisning og seminar med vekt på aktuelle perspektiv i psykologisk forsking, vitskapsteori og forskingsmetode. Dei påfølgjande semestera skal studentane fordjupe seg innanfor basal og anvendt nevrovitskap i samanheng med åtferds- og kognisjonsforsking. I det siste studieåret blir studentane knytt til ei av forskingsgruppene på fakultetet, og skal skrive ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Mastergraden kvalifiserer for doktorgradsstudium og anna forsking i psykologi. Studiet kvalifiserer for ulike typar arbeid der informasjonskompetanse, kritisk tenking, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i team er etterspurde evner.

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidaten skal ved fullført grad ha

  • inngåande kunnskap om vitskaplege teoriar, metodar og funn innan åtferd og nevrovitskap.
  • inngåande kunnskap om fagetiske problemstillingar.

Dugleik

Kandidaten skal ved fullført grad kunne

  • nytte kunnskapane og evnene sine på nye område for å gjennomføre prosjekt og oppgåveløysingar innanfor fordjupingsområdet.
  • analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar og arbeide sjølvstendig med teoretisk og praktisk problemløysing innanfor fordjupingsområdet.
  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt som er i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar.

Generell kompetanse

Kandidaten skal ved fullført grad kunne

  • tileigne seg ny forskingsbasert kompetanse med tanke på å utvikle eigne kunnskapar og evner i psykologi og nevrovitskap.
  • identifisere og utvikle relevante problemstillingar og forskingsprosjekt innanfor åtferd og nevrovitskap.
  • vurdere kvaliteten og relevansen av eksisterande forsking i åtferd og nevrovitskap.
  • reflektere over og drøfte etiske, faglege og praktiske aspekt i den framtidige yrkesrolla si.

Opptakskrav

Opptakskrava til Master i psykologi, studieretning åtferd og nevrovitskap:

  • Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad).
  • Spesialisering på 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande.
  • C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter på spesialiseringa.
  • Andre faglige krav
    • Bacheloroppgåve i psykologi eller tilsvarande på minst 10 studiepoeng
    • 5 studiepoeng i biologisk psykologi med C-krav, tilsvarande biologisk psykologidelen i PSYK114 Utviklings-, kognitiv- og biologisk psykologi ved UiB. For interne søkarar er biologisk psykologi (5 studiepoeng) ein del av PSYK114 og denne delen kan ikkje trekkast ut frå PSYK114. Derav er det karakteren på PSYK114 som får C-krav i opptaksgrunnlaget.
  • Minstekrav til norsk og engelsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Det presiseras at søkarane må ha god skriftleg og munnleg førestellingsevne og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid.

Sjå dei spesielle opptakskrava for masterprogrammet i psykologi for meir informasjon.

Relevans for arbeidsliv

Studiet gjev praktisk analytisk kompetanse for ulike typar arbeidsoppgåver, som mellom anna sjølvstendig planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd og informasjonsarbeid. Kandidatar kvalifiserer til å arbeide med tema som er relevante for åtferd, kognisjon, og psykiatrisk og nevrologisk forsking i både offentleg og privat sektor. Studiet kvalifiserer for vidare forskarutdanning.

Fullført grad gjev undervisningskompetanse for vidaregåande skule viss han blir supplert med ei eittårig praktisk-pedagogisk utdanning. PPU ved UiB krev at studenten også har 60 studiepoeng i eit anna fagområde enn psykologi, som til dømes samfunnsfag, språkfag, realfag m.m.