Hjem

Informasjonsvitskap, master, 2 år

Datateknologi og digitalisering blir stadig viktigare i offentlege og private verksemder, og er ofte ein føresetnad for innovasjon, konkurranseevne og berekraftig samfunnsutvikling.
  • Lengde2 År
  • Plassar32
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

På masterprogrammet i informasjonsvitskap fordjupar du deg innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). Her lærer du meir om korleis behandling av kunnskap, informasjon og data kan bli, bør bli og faktisk blir støtta av IKT. IKT kan til dømes vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskiner, datanettverk og internett. Du kan studere fleire ulike område innan same fagfelt, som til dømes kunstig intelligens eller interaksjonen mellom menneske og maskin. 

Meir informasjon under

Master i informasjonsvitskap UiB

Producer:
Studenter ved TV-produksjon, Infomedia UiB

Jobb

Det er behov for IKT-kompetanse i alle sektorar og dei fleste bransjar. 

Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen, eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder. 

Arbeidsoppgåvene dine er til dømes:

  • utvikling og evaluering av nye informasjonssystem
  • opplæring og brukarstøtte
  • vedlikehald av eksisterande system
  • planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd kan nytte IKT på best mogleg vis

Du kan ta doktorgrad (ph.d.) ved å søke opptak til forskarutdanninga.

Les intervju med tidlegare studentar

Meir informasjon under

Oppbygging

Masterprogrammet i informasjonsvitskap er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.   

1. semester: 

2. semester: 

3. og 4. semester: 

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Undervisning og litteratur er på norsk og engelsk. Det er om lag åtte timar undervisning i veka, blant anna forelesingar og praktiske øvingar. Forelesingane er i seminarform, med stor grad av samhandling og kontakt mellom forelesaren og studentane. 

I ei vanleg undervisningsveke bruker du mest tid på oppgåver og gruppearbeid, i tillegg til sjølvstudium. 

Du kan velje å bli med i ei forskargruppe, og du har tilgang til lesesalplass i eit delt rom.

Aktuelle masteroppgåvetema blir foreslått av forskingsgruppene. Då er ein rettleiar knytt til oppgåva frå starten av.

Masteroppgåver kan vere knytt til ein næringspartnar, og då vil det ofte vere delt rettleiingsansvar mellom ein ekstern og ein intern rettleiar.

Tidlegare masteroppgåver i informasjonsvitskap

Kva lærer du

Etter fullført utdanning i informasjonsvitskap har du ei djup forståing av grunnlaget for IKT, og kan analysere teoretiske og praktiske problemstillingar. Du lærer å utvikle og tilpasse deg til eit fag i stadig endring.

Du lærer å jobbe i tverrfaglege team. Enten du er mest interessert i utforming av datasystem, interaksjonsdesign eller programmering, tar du mange av dei same emna, og jobbar saman med, andre studentar på prosjektoppgåver. 

Sentrale oppgåver i informasjonsvitskapen er å utvikle teoriar, modellar, metodar, teknikkar og verktøy. 

Masterstudiet i informasjonsvitskap gir deg ei fordjuping i IKT til dømes innan informasjonssystem, interaksjonsdesign eller kunstig intelligens. 

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Utveksling er mogleg i første semester, men merk at søknadsfristen for utveksling er 1. februar, altså før du begynner på mastergraden. Ta kontakt med studierettleiar dersom du ønsker å dra på utveksling. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her