Hjem
Utdanning

Studieplan for VID-MAUMAT Erfaringsbasert master i undervisning med fordjupning i matematikk, haust 2019

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 4 år.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Gjennom masterstudiet skal studentane tileigne seg teoretisk og erfaringsbasert kunnskap og dugleik, som kan bidra til å utvikle deira kompetanse for å undervise i matematikk. Studiet gir ei innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar knytte til masterfaget, og inneheld trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Studentane skal få høve til å utvikle ei meir sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldematerialet og til vitskaplege framstillingar. I studiet vert det òg lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at studentane kan bidra til å vidareutvikle matematikk som fag. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av masterfaget og skulen i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Studiet er praksisnært og masteroppgåva skal vere fagdidaktisk.

Programmet har tre delar: fellesemne, fag/ fagdidaktiske emne og masteroppgåve.

1. Masterseminar: Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling, 15 studiepoeng, 4 semester

2. Faglige og fagdidaktiske emne på 200-nivå, 45 studiepoeng

3. Vitskapleg metode og vurderingsteori, fellesemne 15 studiepoeng

4. Forskingsbasert masteroppgåve 45 studiepoeng

Studentane skal gjennom det faglege innhaldet få møte fordjupingsemne innanfor matematikk og matematikkhistorie slik at dei kan få eit teoretisk grunnlag for å gå vidare med masteroppgåvene.

Læringsutbyte

Etter fullført mastergrad skal kandidaten kunne:

Kunnskap

Kandidaten skal

  • ha tileigna seg den matematikkunnskapen som gjeld i studiet og kunne relatere denne til skulematematikken
  • kunne gjere greie for og drøfte grunnlagsspørsmål og teoriar i matematikkdidaktikk

Dugleik

Kandidaten skal

  • planleggje og gjennomføre eit matematikkdidaktisk masterprosjekt på ein sjølvstendig og systematisk måte i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kunne undersøke læring i eige klasserom i matematikkundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori og presentere refleksjon over dette
  • kunne vurdere læremiddel og arbeidsformer i matematikk i høve til dei ulike emna i skulefaget, og kunne grunngi val og vurderingar i høve til kunnskap om fag og fagdidaktikk, og eige fagsyn.

Generell kompetanse

Kandidaten skal

  • kunne bruke kunnskapen nemd over som grunnlag for kritisk refleksjon over eigen undervisningspraksis og tilrettelegging for elevars læring
  • ha utvikla ei sjølvstendig og kritisk haldning til innhaldet i skulematematikken og til den rolla faget spelar i skulen og i samfunnet

Opptakskrav

For opptak krevjast

  • lærarutdanning; allmenn-/grunnskolelærarutdanning eller bachelor/cand.mag+praktisk-pedagogisk utdanning (eller tilsvarande)
  • Matematikkdidaktikk fra allmenn-/grunnskolelærarutdanning eller PPU (eller tilsvarande)
  • Minst 60 studiepoeng matematikk på universitetsnivå. For matematikkurs som inneholder vesentlige didaktikkomponenter, som for eksempel fra grunnskolelærerutdanning, reduseres antall studiepoeng som regnes som matematikk-studiepoeng med 50%. Dei 60 studiepoenga må dekke fagstoff tilsvarande MAT111, MAT112, MAT121 (kalkulus og lineær algebra).
  • Minimum 2 års relevant undervisningserfaring

Her kan du finne informasjon om hvordan søke opptak: http://www.uib.no/matnat/57454/opptak-til-masterstudium-ved-mn-fakultetet

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: emnedel og mastergradsoppgåve med masterseminar.

Emne:

  • Desse emna er obligatoriske:
  • MAT641 Diskret matematikk (10 sp)
  • MAT642 Matematikkens historie - matematikken i oldtida (5 sp)
  • MAT643 Matematikkens historie - matematikken i nyare tid (5 sp)
  • MAT644 Algebra (10 sp)
  • MAT647 Didaktisk modellering (15 sp)
  • METMAU660 Metodekurs i utdanningsforskning (15 sp)

Masteroppgåva og masterseminar:

MAT699 Masteroppgåve i matematikkdidaktikk er på 45 studiepoeng. MAT690 Masterseminaret Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling er eit obligatorisk seminar som strekkjer seg over fleire semester av studiet. Seminaret utgjer undervisningsdelen av arbeidet med masteroppgåva og skal munne ut i ei prosjektskisse til masteroppgåva. Prosjektskissa for masteroppgåva skal vere godkjent før sjølve arbeidet med masteroppgåva tek til. Masteroppgåva skal leveras innan en fast frist, normalt i slutten av åttande semester. Faste innleveringsfristar i hhv vår- og haustsemesteret er 20. november eller 1. juni.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studiet er organisert som eit deltidsstudium der føresetnaden er at studentane tek 15 studiepoeng kvart semester.

Masterstudiet med fordjuping i matematikk har følgjande emne:

1. semester ( haust):

  • Matematikkens historie - matematikken i oldtida (5 sp)
  • Diskret matematikk (10 sp)

2. semester( vår):

  • Matematikkens historie - matematikken i nyare tid (5 sp)
  • Algebra (10 sp)

3. semester( haust)

  • Didaktisk modellering (15 sp)

4. semester ( vår) fellesemne:

  • Metodekurs i utdanningsforskning (15 sp)

5. - 8. semester

Masterseminar (15 sp) og Masteroppgåve (45 sp)

Undervisningsmetodar

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om sjølve å organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Relevans for arbeidsliv

Fullført og greidd studium kvalifiserer for arbeid som lektor i skulen.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret ved Matematisk institutt har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet. Programrådet for lektorutdanning har eit overordna koordinerande ansvar for dei erfaringsbaserte masterprogramma i undervising.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Matematisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Dersom du har spørsmål om programmet, ta gjerne kontakt med studieveileder for programmet, studieveileder@math.uib.no