Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-GFKLI Klimadynamikk, vår 2024

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i meteorologi og oseanografi - klimadynamikk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk/Engelsk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi med studieretning klimadynamikk gjev studenten djup innsikt i dei fysiske prosessane som styrer klima og klimavariasjonar på ulike tidsskalaer globalt og regionalt.

Studiet krev òg ei fordjuping i det empiriske datagrunnlaget for dei fysiske prosessane som gjev opphav til variasjonar og endring i klima på ulike tidsskalaer, og deira framstilling i numeriske modellar på regional til global skala. Dette gjeld for både naturlege variasjonar og menneskeskapte endringar. Studiet famnar òg om bruk av avanserte statistiske og numeriske metodar, målingar, og teoretisk analyse, samt formidling til eit fagpublikum. Masteroppgåva gjev avansert og djup forståing i eit utvalt klimadynamisk emne. Masteroppgåva er eit sjølvstandig forskingsprosjekt, og ein sentral del av masterstudiet, der studenten under rettleiing bidreg med ny kunnskap.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan nytte fagterminologien om atmosfærens og havets dynamikk, fysikk og termodynamikk og kan vise til avansert kunnskap om disse
  • kjenner til og kan ta stilling til aktuell forsking om det fysiske klimasystemet (jord/atmosfære/hav) og forstår koplingane mellom dei ulike delane av klimasystemet på eit avansert nivå
  • kjenner til den samfunnsmessige relevansen og utfordringane innan klimaendring og klimavarsling
  • har avansert kunnskap om matematiske, statistiske og numeriske metodar til analyse av geofysiske data
  • kjenner til tverrfaglege problem med relaterte disiplinar, som meteorologi, oseanografi, informatikk og geovitskap som gir variasjoner i klima på ulike tidsskalaer

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan kritisk vurdere datakvalitet og geofysiske informasjonskjelder, og jobber systematisk med feil og usikkerheiter fra målinger
  • kan nytte avanserte matematiske og statistiske metodar for analyse og visualisering av problem innan klimadynamikk ved bruk av koding
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing¿
  • kan bruke kunnskapen sin på nye vitskaplege problem innan klimadynamikk og tilknytta fagområde
  • kan kritisk vurdere og nytta data fra jordsystemmodellar på ulik skala i tid og rom

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan formulere og diskutere analytiske strategiar og gjennomføre analysar¿av samansette problemstilinger
  • kan jobbe med faglege spørsmål individuelt og i grupper
  • kan analysere, tolke og diskutere sine eigne resultat på ein vitskapleg forsvarleg og kritisk måte
  • kan presentere munnleg og skriftleg, og forklare og diskutere komplekse problem med fagfeller
  • har kunnskap om, og respekterer vitskaplege verdiar som openheit, presisjon og ansvar, og veit skilnaden mellom vitskapleg kunnskap og meining

Opptakskrav

Bachelorprogram i vêr, hav og klimafysikk eller tilsvarande.

Andre bachelorgrader som kvalifiserer

Har du bachelorgrad i anvendt matematikk eller i fysikk kan du vere kvalifisert om du har minst 20 SP valemne i meteorologi og oseanografi, eller teoretisk og anvend fluidmekanikk. Bachelorgrad i fysikk med solide kunnskapar i fluidmekanikk vil òg vurderast.

Opptaksgrunnlag

blir berekna med utgangspunkt i spesialiseringa slik

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Du må ha fullført ein bachelor i vêr, hav og klimafysikk eller i eit tilsvarande felt. Du treng kompetanse i meteorologi, inkludert grunnleggjande kunnskap om klima og atmosfærefysikk. Du bør ha grunnleggjande kunnskap om teoretiske og eksperimentelle metodar innan meteorologi, i tillegg til programmering og dataanalyse. Vidare er godt grunnlag i matematikk som lineær algebra, funksjonsteori, partielle differensiallikningar, Fourieranalyse, statistikk tilrådd. Det er òg viktig å ha gode kunnskapar i fysikk som klassisk mekanikk, fluiddynamikk og, termodynamikk, og kontinuumsmekanikk.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: Ein emnedel på 60 studiepoeng og ei mastergradsoppgåve (GEOF399) på 60 studiepoeng.

For studentar sm startar hausten 2024: Emna GEOF313, GEOF339, GEOF348 og GEOF352 (total 30 studiepoeng) er obligatoriske. I tillegg, kjem 30 studiepoeng med valfrie emne som du vel i samråd med rettleiar.

Tilrådd studieplan
4. semester GEOF399, GEOF399, GEOF399
3. semester GEOF399, GEOF399, GEOF399
2. semester GEOF348, GEOF352, val, GEOF339
1. semester GEOF313, Valemne, Valemne

Masteroppgåva: GEOF399 Masteroppgåve i meteorologi og oseanografi er på 60 studiepoeng. Det er tilrådd at studenten startar med masteroppgåva i tredje semester. Masteroppgåva skal leveras innan en fast frist i slutten av fjerde semester med frist 20. november eller 1. juni. Det er mogleg å skrive masteroppgåva med rettleiarar frå eksterne forskingsinstitutt eller fagrelevante bedrifter.

Tilrådde valemne

30 studiepoeng i mastergraden er valfrie og skal veljast i samråd med rettleiar.
Emna GEOF301, GEOF310, GEOF311, GEOF321, GEOF328, GEOF346, GEOF347, GEOF351, MAT330, MAT253 er dei mest aktuelle

Omfang masteroppgåva

I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve tilsvarande 60 sp, men det kan også bli gitt ei oppgåve med eit omfang på 30 sp (spesialpensumet aukar da med 30 sp). Døme på oppgåver kan vere fysiske prosessar som driv klimavariasjonane i nordområda, respons til endringar i drivhusgassinnhaldet til atmosfæren, regionale klimaendringar under global oppvarming, sesongvarsling av klimaet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta "Obligatoriske emne".

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet gjennom ERASMUS-programmet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen. Det er mogleg å skriva masteroppgåva ved UNIS.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning for emna i masterstudiet skjer i form av førelesingar, seminar, eksperiment, feltarbeid, tokt, rekneøvingar, gruppeøvinger, dataøvingar, diskusjonar og presentasjon. Geofysisk institutt har eit fokus på å brukar aktive undervisningsmetodar og inkludera studentane i avgjersler som angår enkeltemne og studiekvardagen elles. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga. Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Vurderingsformer

Vurdering av emna i masterstudiet skjer i form av skriftleg og munnleg eksamen, skriftlege rapportar eller andre innleveringar, godkjend deltaking i undervisning og feltarbeid, og munnlege presentasjonar. Studentane får òg fortløpende tilbakemeldinger undervegs. Vurderingsformane for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt nærmere i emnebeskrivinga. Masteroppgåva vert vurdert av ein sakkyndig komite. Studiet vert avslutta med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, og blitt vurdert og godkjent som en del av masteroppgåva.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Med ein mastergrad i klimadynamikk er du ettertrakta. I tillegg til anerkjend og etterspurd fagleg ekspertise, får du nødvendig kompetanse for det kunnskaps- og innovasjonsbaserte arbeidslivet som koding, lagarbeid, prosjekthandtering og kritisk tenking. Du kan gjere karriere i alt frå konsulentselskap, via grøn innovasjon og offentleg forvaltning, til forsking og utdanning. Arbeidsoppgåver inkluderer rådgjeving for næringsliv og samfunnstryggleik; utvikling, innovasjon og forsking for klimatilpassing og berekraftig samfunnsutvikling; prognosar og forvalting av fornybare energiressursar; planlegging og risikovurdering innan til dømes forsikring, ressursforvaltinga, havbruk og landbruk. Ekspertar innan samfunnskritisk verksemd som klimaovervaking og klimaframskriving er det alltid bruk for. Mange av våre studentar rekrutterast difor til selskap innan fornybar energi, til internasjonale innovasjonsretta selskap som StormGeo, og til offentlege kunnskapsleverandørar som Havforskingsinstituttet, Meteorologisk institutt og Norsk Polarinstitutt. Ei mastergrad i klimadynamikk gir formelt grunnlag for opptak til ph.d.-programmet og vidare forsking innan klimadynamikk, fysisk oseanografi, meteorologi og marin biogeokjemi. Du vil òg vere godt egna for a¿ drive klimaformidling gjennom ulike medium, ikkje minst knytt til ei berekraftig framtid. Sist, men ikkje minst, saman med pedagogisk utdanning, kan ei mastergrad nyttast til ei karriere som lektor og utdanninga av komande generasjonar naturvitarar.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret for meteorologi og oseanografi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Geofysisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost: studieveileder@gfi.uib.no

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studieveileder@gfi.no

Tlf 55 58 26 04