Hjem
Etter- og videreutdanning
Nettstudier

CCUS-kurs: CO2 fangst, bruk og lagring

Jobbar du innan olje/gassindustrien og vil lære meir om CO2 fangst, -bruk og -lagring? Nettbasert kurs over 10 veker - nytt kurs startar i november 2021. Søknadsfrist: 1. oktober.

CCUS - Carbon Capture Utilization and Storage - online course at UiB
Nettbasert kurs om CO2 fangst og lagring for deg som jobbar innan olje/gass industrien. Nytt kurs startar i november 2021. Søk før 1. oktober.
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Kurset som startar i september vart raskt fullteikna. Vi har difor sett opp eit ekstra kurs som startar 1. november. Les meir om kursinnhald og organisering, prioriterte grupper og opptakskrav under. Søk plass her innan 1. oktober

Kursinnhald

Verda står ovanfor tøffe klimautfordringar og energisituasjonen i verda er i rask endring. Skal vi nå FN-målet om påliteleg og berekraftig energi til alle er energiomstilling og reduksjon av CO2 -utslepp avgjerande. Korleis kan vi redusere CO2 -utslepp raskt nok? Kan teknologi for CO2-handtering bli ein del av løysinga på utsleppsutfordringa?

Innan CO2 fangst, -bruk og -lagring (CCUS) er hovudmålet å utvikle og forbetre teknologiar som bidreg  til utsleppskutt. Det internasjonale energibyrået IEA anslår at 75% av energiforbruket i 2035 vil vera basert på fossilt brensel. Bruk av CO2 for utvinning av fossile brensel og samtidig lagring vil vera mogleg i stor skala, dersom også økonomisk berekraft kan tiltrekka store industrielle aktørar.

CO2 fangst og lagring er høgst relevant ikkje berre for olje- og gassindustrien, men også for andre norske industriaktørar som sementproduksjon, smelteverk og avfallshandtering. Klima- og energiomstilling er et uttalt satsingsområde for norsk industri, og CCUS er nødvendig for å nå klimamåla.

Prioriterte grupper

Kurset er finansiert av Kompetanse Norge gjennom Bransjeprogrammet for olje-, gass- og leverandørindustrien. Vi vil difor prioritere søkjarar som er tilsette innan olje-/gass- eller leverandørindustrien. Vi tek opp søkjarar som er anten i jobb eller er permittert/arbeidsledig med bakgrunn frå desse bransjene. Du kryssar av for om du tilhøyrer desse bransjene når du registrerer søknaden din.

Vi har totalt 40 studieplassar også på dette kurset. Vi tek opp kvalifiserte søkjarar frå prioritert gruppe i den rekkefølgja søknadane er registrert. Både dei to tidlegare kursa våren 2021 og det første kurset som startar i slutten av september vart raskt fullteikna, så det er lurt å registrere søknaden din så tidleg som mogleg. 

Dersom vi har ledige plassar etter at søkjarar frå denne prioriterte gruppa har fått tilbod om plass, vil vi eventuelt kunne ta opp andre søkjarar. 

Opptakskrav

Kurset er på teknisk masternivå, og vi krev difor at du har teknisk ingeniørutdanning eller anna teknisk utdanning på minimum bachelornivå. Du må legge ved vitnemål/karakterutskrift eller evt. anna dokumentasjon som syner at du har tilstrekkeleg fagleg bakgrunn. Dette lastar du opp saman med registrering av søknad.

Vi kan også i visse høve hente resultata dine frå tidlegare utdanning direkte frå høgskule/universitet, sjå meir om dette inne i søknadsportalen.

Dersom du har søkt på dette kurset tidlegare og lasta opp dokumentasjon på at du fyller opptakskrava saman med søknaden den gongen, er det ikkje naudsynt å laste opp dette på nytt.

Ta kontakt med videre@uib.no dersom du har spørsmål om søknad og krav til dokumentasjon. 

Kursinnhald

Kurset vil gje eksempel på aktivitetar retta mot feltpilotar, der teknologiar som til dømes injeksjon av CO2 -skum i oljefelt og nye karbonnøytrale teknologiar for gassproduksjon har vist at industrien kan delta i CCUS også på eit kommersielt grunnlag. Ein anna interessant moglegheit som vil bli drøfta er produksjon av hydrogen (H2) frå naturgass, der handtering og lagring av biproduktet CO2, samt mellomlagring av hydrogen, inngår som ein del av verdikjeda.

Forskingsmiljøet som tilbyr dette etter- og vidareutdanningskurset har i ei årrekkje forska på og undervist innan CCUS. Forskinga har fokus på alle nivå frå mikromodellar i laboratorium til feltpilotar. Erfarne og dedikerte førelesarar vil leie kursdeltakarane gjennom hele CCUS verdikjeda, med vektlegging på følgande hovudtema:

  • Energi- og klimaperspektiv
  • Teknologi for CO2 fangst og -frakt
  • Lågutsleppsløysingar ved bruk av CO2 i petroleumsproduksjon
  • CO2 lagring i Nordsjøen
  • Hydrogen og CO2 -handtering

Korleis er kurset lagt opp? 

Kurset er 100% nettbasert og går over 10 veker. All undervisning foregår på engelsk via UiB si digitale læringsplattform Mitt UiB.

Kurset startar ca 1. november og er delt inn i totalt 10 kortare bolkar. Vi legg ut ein ny bolk kvar veke gjennom dei 10 vekene kurset varer. Du går gjennom kursinnhaldet i kvar bolk i løpet av veka, på det tidspunktet som passar best for deg.

Kvar bolk består av ei samling kortare video/podcastar (7-10 minutt) innan bestemte tema. Etter kvar video/podcast skal du gjennom en quiz med spørsmål omkring innhaldet. Når du har bestått denne quizen kan du gå vidare til neste del innan same bolk. Det er også mogleg å repetere dei ulike delane. Etter kvar fullførte bolk skal du skrive eit refleksjonsnotat, eller løyse oppgåver omkring det faglege innhaldet i bolken. Undervisarar tilhøyrande kvar bolk vil være tilgjengeleg gjennom chat i opne digitale rom for spørsmål og diskusjontil faste tider, som blir kunngjort på kurssida på læringsplattforma Mitt UiB. Vi legg også til rette for diskusjonar og samarbeid mellom kursdeltakarane. 

Du må rekne med å bruke omlag 8 timar per veke i dei 10 vekene kurset varer. 

Avsluttande vurdering

Når du har gjennomført og bestått alle oppgåvene undervegs i kurset vil du få kurset godkjent som "Bestått". Det er ingen ordinær, avsluttande eksamen i tillegg til dette. Bestått kurs gir 3 studiepoeng.