Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Siena og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • BySiena
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er italiensk, men dei har òg nokre emne på engelsk. Tidlegare erfaringar med å sende studentar til Italia har vist at det ikkje er nok emne på engelsk til å fylle eit heilt semester. Studentar som ønsker å reise på denne avtalen må ta emne på italiensk for å oppnå full semesterbelastning, og ein må derfor ha gode språkkunnskapar i italiensk.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Ein oversikt over juridiske emne finn du på universitetet sine nettsider.

Università degli Studi di Siena nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitá degli Studi di Siena var det første universitetet i Italia som fekk offentleg finansiering. Det ligg i byen Siena, i Toscana. Universitetet har 20 000 studentar, noko som utgjer nesten halvparten av alle byen sine innbyggarar. Det har òg avdelingar i byane Arezzo og Grosseto. Universitetet er særleg kjent for medisin- og jussutdanningane sine, men det er samstudnes eit breiddeuniversitetet med ni fakultet, som òg tilbyr tverrfaglege. Campus ligg i Siena sentrum, eit område som blei ført opp på UNESCO si verdsavliste i 1995.

Sienna er ein liten by, med rundt 50 000 innbyggarar som ligg i Toscana, 50 kilometer sør for Firenze. Byen har litt industri, men er først og fremst ein kultur- og universitetsby. Han er elles blant anna kjend for hestekappløpet «Palio», som arrangerast her to gongar i året.

Bustad

Universitetet har somme studentbustader som er reserverte for internasjonale studentar. For å få tilbod om bustad er det viktig å søke tidleg, ettersom det ikkje alltid er nok bustader til alle. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Siena om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

September - februar og mars - juni.

Informasjon