Hjem
Studentsider
bilateral

Universidade de São Paulo og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandBrasil
  • BySão Paulo
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er inngått med fakultetet for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag (FFLCH)og UiB studentar kan få opptak berre til dette fakultetet. Avtalen er i prinsippet open for alle UiB-studentar.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du studerer ved for informasjon om når det passar å reise ut på ditt studieprogram.

Språk

Alle emne vil vere på portugisisk. USP tilbyr nettbasert språkkurs før utveksling og intensivt språkkurs før og under utveksling. Søkarar må dokumentere språknivå (intermediate) på søkartidspunktet.

Kva emne kan eg ta

Fakultetet for humanistiske og samfunnsvitskaplege fag har bachelorprogram i følgande fag: språk og litteratur; historie; samfunnsfag, geografi og filosofi. Det har masterprogram blant anna i klassiske, moderne og orientalske språk; filosofi; litteraturvitskap; lingvistikk, antropologi, sosiologi statsvitskap, geografi.

Du kan i utganspunktet velje emne på alle desse programma som du er fagleg kvalifisert for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald med emne du har tatt tidlegare ved UiB.

Studieavgift

USP er eit offentleg universitet og det er ingen studieavgifter for å studere der.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidade de Sao Paulo (USP) er rekna for å vere det beste universitetet i Latin-Amerika både når det gjeld forsking og utdanning. Det er eit offentleg breiddeuniversitet med til saman 90.000 studentar. UiB har inngått ein utvekslingsavtale med eitt av fakulteta på USP, Facultade de Filosofia, Letras y Ciencias Humanas (FFLCH). FFLCH har over 20.000 studentar og har studieprogram i dei fleste humanistiske og samfunnsvitskaplege fag som vi har på UiB. Det betyr at avtalen vil passe best for studentar frå HF og SV-fakultetet, men avtalen er open for alle UiB-studentar som vil søke på FFLCH. Hovudkampus ligg midt i Sao Paulo. USP har gode sportsfasilitetar, eit eige symfoniorkester to sjukehus og elles dei fleste fasilitetar ein treng på kampus.

Sao Paulo er den største byen i Sør-Amerika med rundt 12 millionar innbyggarar (19 millionar i area metropolitana). Byen ligg relativt langt sør i landet, 70 km frå kysten, og er den industrielle og økonomiske hovudstaden i landet. Byen ligg 700 m.o.h. og klimaet er dermed ganske behageleg. Luftkvaliteten er derimot ikkje den beste, spesielt om vinteren (august). Dei mest kjende fotballklubbane i byen er Sao Paulo F.C., Palmeiras og Corinthians.

Bustad

Universitetet har ikkje eigne bustader for utvekslingsstudentar, men har eit tilbod med vertsfamiliar.

Semesterinndeling

Februar ¿ juni og august - desember

Bilde av bygning på campus
Foto/ill.:
© USP

Informasjon