Hjem
Utdanning
erasmus+

Institut d'Etudes Politiques de Rennes og Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByRennes
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på administrasjon og organisasjonsvitskap og samanliknande politikk har fortrinn på plassane før studentar fra andre samfunnsvitskaplege område. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er fransk og engelsk. Institusjonen anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B1/B2-nivå i undervisningsspråka.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Sciences Po Rennes tilbyr emne innan statsvitskap, samfunnsvitskap, jus og økonomi. Det vert tilbydd eige tilrettelagde program for internasjonale studentar på både fransk og engelsk. Ein kan ta årsstudium (Certificat d'Études Politiques) dersom ein har tilstrekkelege kunnskapar i fransk, eller eit semesterstudium (Attestation d'Études Politiques) i politiske studiar på engelsk. I det engelske programmet inngår fransk som framandspråk. Det kan og være mogleg å ta emne på både fransk og engelsk. På nettsidene til Sciences Po Rennes finn du informasjon om programma på fransk og engelsk med oversikt over emnetilbod.

Programma dekker ei rekke emne fra fransk språk, kultur og politikk og EU-studier til Internatioanl and Global Politics, Sustainable Development, og Energy Policy, i tillegg til emne innan mediastudiar.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna utgjer normalt 2 til 6 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Sciences Po Rennes blei oppretta i 1991 som den siste av dei 10 universiteta som utgjer Science Po-gruppa i Frankrike. Universitetet ligg i sentrum av byen, i ein elegant gammal bygning frå 1884. Science Po Rennes har fokus på fag som statsvitskap, historie, sosiologi, økonomi og juss, og det er obligatorisk for studentane å ta to framandspråk.

Rennes ligg i Bretagne, nordvest i Frankrike. Byen har om lag 210 000 innbyggarar og omtrent det dobbelte folketalet i storbyområdet. Det bur svært mange studentar i byen, og kvart år blir det arrangert ei rekke festivalar her. I tillegg til ei rekke musikk- og kunstfestivalar finst blant anna ein retrodataspelfestival og ein festival for anvendt vitskap.

Bustad

Universitetet hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad, anten på campus eller på den private bustadmarknaden.

Semesterinndeling

September - desember og januar - mai.

Studentrapportar

2019

Vår 19 - MA fiskehelse

Vår 19 - MA fiskehelse

15.01.2019 - 15.06.2019

Førebuingar/praktiske tips

Se etter bolig tidlig.

Undervisningsformer

Alle emnene er obligatoriske med obligatoriske forelesninger.
De fleste foreleserne var eksterne og ønsket mye diskusjon og aktivitet.

Vurdering av emnetilbodet

Det engelske utvekslingsprogrammet hadde ingen valgfrie emner
Noen av emnene var interessante, andre var ikke veldig interessante.
Selv om universitetet tilbydde et engelsk utvekslingsprogram, kunne få av de ansatte engelsk. Det meste av informasjon, både muntlig og skriftlig ble gitt på fransk.

Fagleg utbyte og språk

Franskundervisningen var nivådelt, men hvis du ikke snakker fransk fra før er det vanskelig å lære skikkelig, da det er vanskelig å finne noen å snakke med. De fleste emnene var 3 studiepoeng.

Universitetsområdet og byen

Selve universitetet var veldig lite, med få leseplasser.
Byen var veldig kjekk. Sentrum var lite og det var som regel gåavstand.
Busstilbudet var dårlig på kveld/nattestid.

Bustad

Det fins studentboliger, men det var få av de europeiske utvekslingsstudentene som fikk tilbud om å bo der.
Det er mulig å kontakte en studentorganisasjon for hjelp med å finne bolig: zephyrassociation@gmail.com.
Anbefaler å bo i nærheten av universitetet.

Sosialt miljø

Det sosiale miljøet var veldig bra, da det var et program med bare utvekslingselever. Alle interessert i å bli kjent med nye folk.
Rennes har mange utesteder og koselige kafeer. Det er også mulig å reise på mange dagsturer.

Informasjon