Hjem
Studentsider
bilateral

Beijing Foreign Studies University og Det humanistiske fakultet (BILATERAL)

  • LandKina
  • ByBeijing
  • Studieplassar5
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen med Beijing Foreign Studies University (BFSU) gjeld for alle studentar ved Det humanistiske fakultet, og eventuelt andre studentar som ønsker å ta emne innanfor humanistiske fag. Studentar som går på bachelorprogrammet i kinesisk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i kinesisk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste to semestera av bachelorprogrammet. Ta kontakt med studierettleiar for å planlegge tidspunkt for utveksling.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er kinesisk, men universitetet tilbyr òg enkelte emne med engelsk undervisningsspråk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på i forkant. Sjå uib.no for meir informasjon om språkkurs og språktandem. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta frie studiepoeng som del av bachelorgraden, kan du velje emne fritt innanfor humanistiske fag. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

BFSU er Kinas fremste universitet innanfor språkstudium, og tilbyr undervisning i 76 ulike språk. Universitetet tilbyr i tillegg emne innanfor mellom anna journalistikk, jus, diplomati, politikk og «business administration». Sjå nettsidene til BFSU for meir informasjon.

Studieavgift

Avtalen med BFSU inneber gjensidig utveksling av 5 studentar i eitt til to semester kvart år, med fritak for studieavgift. Dersom fleire enn 5 studentar søkjer, vil dei få tilbod om studieplass med betaling av studieavgift.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Beijing Foreign Studies University (BFSU) er eitt av dei eldste universiteta i Kina og eit høgt rangert universitet. BFSU tilbyr undervisning i 76 ulike språk. I tillegg vert det undervist mellom anna i internasjonale relasjonar, politikk og juss. Universitetet har opp gjennom åra utdanna mange diplomatar, og er kjent som ¿Cradle of Diplomats¿. Universitetet har i overkant av 7000 gradsstudentar og nærare 1500 internasjonale studentar. Universitetet ligg i Haidian-distriktet sentralt i Beijing, og campus er delt mellom ¿the West Campus» og «the East Campus».

Beijing har om lag 20 millionar innbyggarar og er Kinas politiske og kulturelle sentrum. I Beijing kan du besøke ei rekke viktige kulturminne. Mest kjende er Den himmelske freds plass, Den forbudte by og Sommarpalasset. Like utanfor Beijing kan du besøke Den kinesiske mur.

Bustad

Universitetet tilbyr bustadar for internasjonale studentar på campus. Det er òg mogeleg å finne bustad utanfor campusområdet på eigenhand.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Inngangsdør
Foto/ill.:
© UiB

Informasjon