Hjem
Studentsider
bilateral

Tsinghua University og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 3. og 5. studieår)

  • LandKina
  • ByBeijing
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap. For å kvalifisera til studier ved Tsinghua University må ein ha eit karaktersnitt på C eller betre.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Det vanlege undervisningsspråket er kinesisk, men dei har ei rekke kurs som blir undervist på engelsk, slik at du treng ikkje å kunne kinesisk for å utveksle til Tsinghua University.

Kva emne kan eg ta

Ved Tsinghua University kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga) eller spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga og 2021-studieordninga). I tillegg til emne underviste på kinesisk, tilbyr Tsinghua og fag som blir underviste på engelsk, både om kinesisk rett og internasjonal rett.

Det varierer frå semester til semester kor mange emne som blir tilbydde på engelsk. Det vil normalt vera tilstrekkeleg antal emne til å fylla eit semester, men likevel ikkje slik at ein har stor valfridom når det gjeld kva emne ein skal ta. Kvart semester er også eitt til tre av emna i LLM-gradene ved Tsinghua University opne for utvekslingsstudentar.

Kor mange Tsinghua credits som svarar til 30 norske studiepoeng ved Det juridiske fakultet ved UiB avheng av nivået på emna ved Tsinghua. For emne på bachelornivå er 20 credits lik 30 norske studiepoeng. For emne på masternivå (LLM) er 12 credits lik 30 norske studiepoeng.

Fordi Kina ikkje har eit einskapleg nasjonalt grads- og creditsystem, varierer det frå universitet til universitet kor mange credits fakultetet vurderer at tilsvarar 30 norske studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Studentar som reiser gjennom denne avtalen betaler ikkje skolepengar eller studieavgift ved vertsuniversitetet, men må betale ein søknadsavgift på 400 RMB (tilsvarar ca 600 kr per oktober 2023) når ein søker, i tillegg til at ein må betale medlemskap i den obligatoriske helseforsikringa ved universitetet. Også denne kostar 400 RMB (tilavarar ca 600 kr per oktober 2023). Det er ikkje mogleg å søke om fritak frå universitetets helseforsikring sjølv om norske studentar normalt vil vera godt dekka gjennom norske forsikringar for studentar i utlandet som vi uansett sterkt anbefaler at alle kjøper.

Utvekslingsstudentar skal også registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentar som utvekslar til Kina får eit tilleggstipend frå Lånekassen på kr 2675 per månad. Dette er fordi nasjonale politikarar ønskjer å motivere fleire norske studentar til å studere i land som Norge særleg ønskjer å samarbeide med når det gjeld forsking og høgare utdanning.

To know more about: Our Tsinghua

Produsent:
Tsinghua University
1/2

Andreas Slettevold - utveksling Kina

Produsent:
Utdanning i verden
2/2

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Tsinghua University vart grunnlagt i 1911 og har 47 000 studentar, blant desse om lag 3500 internasjonale.

Ved Law School er det om lag 1300 studentar.

Beijing har om lag 20 millionar innbyggarar og er Kinas politiske og kulturelle sentrum. I Beijing kan du besøke ei rekke viktige kulturminne. Mest kjende er Den himmelske freds plass, Den forbudte by og Sommarpalasset. Like utanfor Beijing kan du besøke Den kinesiske mur.

Informasjon