Hjem
Studentsider
erasmus+

Accademia di Belle Arti Giacomo Carrara og Fakultet for kunst, musikk og design (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByBergamo
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i kunst og design. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar er det mogleg å reise på utveksling i 3., 4. eller 5. semester. For masterstudentar er 2. semester best eigna for utveksling. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Accademia di belle arti G. Carrara, er ein offentleg institusjon for høgare utdanning innan kunst. Accademia di belle arti G. Carrara, etablert i 1796, er ein av dei eldste kunsthøgskulane i Italia. Den pedagogiske tilnærminga til akademiet er prega av den tverrfaglege og eksperimentelle forskinga innan samtidskunst og digital kultur. Den bevisste avgrensa storleiken på institusjonen opnar for nære relasjonar mellom lærarar og studentar og muliggjør høgt personaliserte kurs. Skulen tilbyr to kurs i måling og bildekunst og i nye teknologiar for kunst.

Bergamo er ein by i Lombardia-regionen i Nord-Italia med omkring 122 000 bebuarar. Byen ligg omtrent 40 km nordaust for Milano og 30 km frå Sveits. Byen Bergamo består av ein gammal inngjerd kjerne, kjent som Città Alta, og ein nyare moderne del, Città bassa. Dei to delane av byen er bunde saman av kabelbanar, vegar og gangstiar. Città Alta, omgitt av venetianske murer bygde på 1500-tallet, utgjer det historiske sentrum av Bergamo.

Informasjon