Hjem
Utdanning
bilateral

Carroll College og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandUSA
  • ByHelena
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er i utgangspunktet open for alle lågaregradsstudentar ved UiB, gitt at ein kan finne emne som passar med studieplanen. Avtalen egnar seg særleg bra for studentar ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du studerer ved for informasjon om utveksling og råd om når det passar å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er engelsk.

Norske studentar slepp som regel unna engelske språktestar dersom dei har karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregåande. Ved dårlegare karakter enn dette frå videregåande må studenten ta en TOEFL eller IELTS test. NB! Du må ha tatt testen i god tid før søknadsfristen 1. februar/1. september.

Kva emne kan eg ta

Caroll College tilbyr emne innan fylgjande fagområde:

-biologi, biokjemi, kjemi, datastudiar, informasjonvitskap, matematikk, fysikk

-antropologi, klassiske studiar, kommunikasjonsstudiar, engelsk, etikk, europastudiar, latinamerikastudiar, kjønnsstudiar, historie, filosofi, statsvitenskap, psykologi, sosiologi, religionsstudiar

Studieavgift

Vi har to friplassar ved Carrol College i uttaket med frist 1. september 2019.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Carroll College er eit privat katolsk amerikansk universitet (college) som ligg i byen Helena i delstaten Montana. Helena er hovudstaden i Montana State og har om lag 32.000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 3 timars kjøring frå Yellowstone National Park, verdas første nasjonalpark, oppretta i 1872. Universitetet vart grunnlagt i 1909 og har om lag 1500 studentar. Universitetet er eit såkalla «Liberal Arts College», noko som betyr at dei har mest fokus på humanistiske fag, men universitetet tilbyr emne på bachelornivå innan dei fleste fagområde og har også eit godt tilbod innanfor realfag. Undervisninga er kjenneteikna av få studentar per klasse og god individuell oppfølging. Det er og høve for studentar å delta i forskingsprosjekt innanfor fleire fagfelt. Universitetsområdet ligg midt i byen og har ei fin blanding av eldre og nyare bygningar. I 2017 opna Hunthausen Activity Center, eit topp moderne sportsanlegg, på campus. Montana er eit utmerkt val for studentar som set pris på å drive med utandørs fritidsaktivitetar, særleg langrenn og alpint (inklusive snowboard) om vinteren, og fjellturar, fjellklatring, rafting, fiske m.m. om sommaren.

Bustad

Carroll College garanterar bustad på campus og krev at utvekslingsstudentar bur på campus. Ein obligatorisk måltidsplan inngår i husleiga.

Semesterinndeling

Haustsemesteret varar frå august til desember og vårsemesteret varar frå januar til mai.

Informasjon