Hjem
Utdanning
bilateral

Fordham University og Det juridiske fakultet (BILATERAL)

  • LandUSA
  • ByBronx
  • Studieplassar5
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår. For å kvalifisere til studier ved Fordham University må ein ha eit karaktersnitt på sterk C eller betre.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap.

Ein følgjer eit skreddarsydd semesterprogram som heiter Legal English Institute der ein følgjer følgjande seks førehandsbestemte emne: Introduction to the U.S. Legal System and Law Study, Foundations of Private Law, Working with Contracts, Fundamental Lawyering Skills, Legal Professional Identity og Communication Pragmatics for Lawyers.

Meir informasjon om Legal English Institute finn du på universitetet sine nettsider.

Studieavgift

Gjennom denne avtalen må ein betale skolepengar. UiB-studentar vert tekne opp til "non-credit option" som normalt kostar 6000 USD (pr 2018/2019), men får 33% rabatt på skulepengane og betaler dermed 4000 USD i skulepengar.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Fakultetet gjer særskilt merksam på at sjølv om skulepengane er innanfor Lånekassen sine stønadsrammer, så må ein rekne med at leve- og bukostnadene i New York vil vere langt høgare enn basisstønaden frå Lånekassen.

Merk at når ein vert teken opp på "non-credit option" vil ein ikkje kunne overføre emna frå Legal English Institute-semesteret inn i ein eventuell framtidig LLM-grad dersom du skulle ønskje å søkje opptak til ein LLM-grad ved Fordham University på eiga hand på eit seinare tidspunkt. For å kunne benytte emna frå Legal English Institute-semesteret i ein eventuell framtidig LLM-grad må ein betale ordinære skulepengar som er på om lag 30 000 USD pr semester.

Norske studentar med støtte frå Lånekassen får automatisk helserettar gjennom HELFO når dei studerer i utlandet. Dette gjer at dei ofte kan søke om fritak for (den dyre) helseforsikringa som dei fleste amerikanske universitet krev at studentane kjøper.

Forsikringskrava kan variere frå år til år, og det er ikkje sikkert at ein søknad om fritak blir innvilga. Det er den enkelte student sitt ansvar å skaffe eiga forsikring og søke fritak (insurance waiver) ihht instruksane som er gitt ved vertsuniversitetet. Studentar som ikkje får fritak, må sjølve betale for forsikringa ved vertsuniversitetet eller ei anna helseforsikring med dekning på same nivå. Lånekassen gir ikkje støtte til å dekke denne forsikringa.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Fordham University School of Law, oftast kjend berre som Fordham Law, ligg sentralt på Manhattan i New York, berre eit steinkast frå Colombus Circle og Central Park. Fordham University vart etablert i 1841 medan Fordham Law vart etablert i 1905. Universitetet som heilskap har litt over 15000 studentar, og 1500 av desse tilhøyrer Fordham Law.

Som student ved Fordham Law Legal English Institute kan du studere ved ein god Law School samstundes som du opplever det pulserande storbylivet i verdsmetropolen New York, kultursentrum og USAs største by med sine 11 millionar innbyggjarar.

Bustad

Universitetet tilbyr ikkje studentbustader men bistår med tips til kvar og korleis ein kan byrje å leite etter bustad.

Semesterinndeling

Frå byrjinga av august til midten av desember, og frå midten av januar til midten av mai.

Gate og bygg
Foto:
© Ingrid E. Tøsdal

Informasjon