Hjem
Utdanning
bilateral

Seikei University og Det humanistiske fakultet (BILATERAL)

  • LandJapan
  • ByMusashino-shi
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er først og fremst meint for studentar som studerer japansk.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar: Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidpunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen din. Ta kontakt med studierettleiaren din for når du kan reise på ditt program.

For bachelorstudentar i japansk tilrår vi utreise frå midten av 4. semester til midten av 6. semester.

Språk

Universitetet tilbyr kurs både på japansk og engelsk.

Du må minimun ha 60 studiepoeng i japansk (tilsvarande eit års fullstidsstudium) som tilsvarar nivå N4 for å få opptak.

Kva emne kan eg ta

The Seikei Institute for International Studies tilbyr Japanese Language Program, som i houdsak er eit språkkurs, men som og inkluderar temaforelesningar om japansk samfunn, kultur, litteratur og historie. Studentane vert delt inn i mindre grupper der undervisninga er tilpassa studentanes språklege nivå.

Utvekslingsstudentar kan også ta ordinære kurs som har undervisning på japansk, avhengig av at ein har eit språklege høgt nok nivå til å følgje ordninær undervisning.

Tilbodet av engelsk språklege kurs vert kunngjort ved semesterstart. Moglege engelsk språklege emne kan t.d. være Regional Studies Seminar, Global Peace Studies and World Politics in Comparative Perspectives.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med Seikei University som inneber at vi kan få inntil 2 friplassar kvart år, forutsett at dei også sender studentar til oss.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Seikei University vart starta som ein privatskule i 1906, og fekk universitetsstatus i 1949. Det er eit relativt lite universitet med i underkant av 8 000 studentar fordelt på dei fire fakulteta for økonomi, vitskap & teknologi, humaniora og juss.

Universitetet ligg i Kichijoji, ein by like i utkanten av Tokyo. Til tross for nærleiken til storbyen, er det mykje natur og vakre parkar i området. I tillegg finn ein det ein treng av butikkar, kaféar, kino og teater, som legg til rette for eit rikt kulturliv.

Bustad

Universitetet har studentbustader utvekslingsstudentar kan søke på, «Dormy Inokashira-Koen» som ligg 2,9 km frå Seikei University har 30 rom for utvekslingsstudentar. Universitetet tilbyr også studentbustader andre stader i området.

Semesterinndeling

Semesterinndelinga følger det japanske studieåret. Studieåret startar i april, og vårsemesteret går frå april til august, medan haustsemesteret går frå september til februar.

Informasjon