Hjem
Utdanning
erasmus+

Université catholique de Lyon og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByLyon
  • Studieplassar6
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er fransk og engelsk. På bachelornivå vert storparten av emna underviste på fransk med berre nokre få engelskspråklege emne, medan på masternivå er alle emne på engelsk. Det betyr at ein ikkje må kunne fransk frå før for å studere ved dette universitetet.

Alle utvekslingsstudentar får tilbod om 30 timar frankkurs. Kurset er tilpassa nivå, og ein tek ein test når ein kjem til Lyon for å finne riktig nivå.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. UCLy konsenterer undervisninga si om europeisk, internasjonal og komparativ rett, og særleg internasjonal kommersiell rett.

På <ahref="https://www.ucly.fr/droit/international/incoming-students-208286.kjsp?RH=1475153185777">nettsida til universitetet</a> finn du "Course Catalogue" der du kan sjå kva emne ein kan ta som Erasmusstudent. Ein kan velje fritt blant emna som blir tilbydde på masternivå på engelsk, i tillegg til emne på bachelornivå på både fransk og engelsk. For nokre masteremne er det krav om førehandskunnskap for at ein skal kunne ta det aktuelle emnet.

Universitetet nyttar ECTS-systemet , og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Catholique de Lyon, som nyttar kortforma UCLy, er medlem i det regionale paraplysamarbeidet Université de Lyon. Det er eit privat universitet med om lag 12 500 studentar der 2 500 av studentane er internasjonale. Universitetet har fem fakultet fordelt på to ulike campusar. På Carnot Campus finn ein fakultet for teologi og religionsvitskap, fakultet for filosofi og humaniora og fakultet for språk og litteratur. På Saint Paul Campus finn ein fakultet for juss, økonomi og samfunnsvitskap og fakultet for naturvitskap.

Lyon ligg søraust i Frankrike, i regionen Rhône-Alpes, og er med om lag 1,2 millionar innbyggarar i storbyområdet den nest største byen i landet etter Paris. Lyon reknast for å vere Frankrike sin gastronomiske hovudstad. Frå Lyon tek det om lag to timar med tog å reise til Paris

Bustad

Det er to studentheimar på UCLy: Maison Saint Bernard og Maison Saint Laurent. I tillegg kan ein leiga i private studentheimar, på den private leigemarknaden eller bu hos ein vertsfamilie. Universitetet har ein online bustadplattform der ein kan finna informasjon om bustader eller rom som er til leige.

Semesterinndeling

Frå september til januar og frå februar til juni.

Informasjon