Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Passau og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByPassau
  • Studieplassar6
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk og engelsk. Tilbodet av engelskspråklege emne er stort nok til at ein kan fylle semesteret kun med emne som har undervisning på engelsk dersom ein ikkje beherskar tysk. I august, før semesteret startar, har universitetet tilbod om tyskkurs for utvekslingsstudentar. Dette finn du opplysningar om på denne nettsida.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Oversikt over juridiske emne finn du på denne nettsida.

På <ahref="https://www.uni-passau.de/en/international/coming-to-passau/information-for-new-students/module-types">denne nettsida</a> kan du lese meir om dei ulike undervisningsformene ved University of Passau.

Vertsuniversitetet nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Passau blei etablert i 1973 og er dermed det yngste universitete i regionen nedre Bavaria. Universitetet har rundt 12 000 studentar og eit emnetilbod fordelt på fire fakultet og 39 ulike studieprogram. Universitetet har ein moderne campus eit stenkast frå gamlebyen i Passau. Med unntak av institutt for katolsk teoligi, er alle fakultet og institutt samla på ein og same campus langs éi og same gate. Dette gjer det enkelt for studentane å komme seg rundt på campus og til dei ulike bygga der forelesingar blir haldne i bygningane til andre fakultet.

Passau er ein by med om lag 50 000 innbyggarar som ligg søraust i Tyskland, på grensa mot Austerrike. Byen er også kjend som Dreiflüssestadt, "byen av dei tre elver", og mange elvecruise siglar ut frå Passau. Frå Passau kan du også følgja sykkelsti heilt til Wien langs keisar og kongeruta som er erklært som eit historisk kulturminne.

Bustad

Utvekslingsstudentar kan søke om studentbustad i "student halls" gjennom universitetet sitt internasjonale kontor. Det er ikkje nok bustader til at alle som ønskjer det blir tildelt rom, men internasjonalt kontor gjev og tips til korleis ein kan finne husvære på den private marknaden.

Informasjon