Hjem
Studentsider
bilateral

National Chengchi University og Det humanistiske fakultet (BILATERAL)

  • LandTaiwan
  • ByTaipei
  • Studieplassar5
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar ved Universitetet i Bergen. Det er eit krav at du må tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar som går på bachelorprogrammet i kinesisk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i kinesisk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste to semestera av bachelorprogrammet. Ta kontakt med studierettleiar for å planlegge tidspunkt for utveksling.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er kinesisk, men universitetet tilbyr òg enkelte emne med engelsk som undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Alternativ 1

Du kan ta intensivt kurs i kinesisk ved Chinese Language Centre (CLC) ved NCCU. To undervisningsterminar ved CLC tilsvarar 30 studiepoeng. Kinesiskkurset har uvervisning i 3 timer kva dag, totalt 15 timar i veka. Det er ikkje mogleg å kombinere dette kurset med andre emne.

For meir informasjon om det intensive kurset i kinesisk, sjå denne sida.mandarin.nccu.edu.tw/course1.php?1

Studentar som studerer ved CLC er ikkje omfatta av utvekslingsavtalen og betalar studieavgift. Studieavgifta ligg på mellom 27 500 og 33 000 taiwanske dollar (9000 - 10 500 kroner) per undervisningstermin. Lånekassa gjev støtte til å betala studieavgifta.

Alternativ 2

Det er mogleg å reise til NCCU som vanleg utvekslingsstudent og ta emne på engelsk eller kinesisk ved eit av fakulteta. For å ta emne med kinesisk som undervisningsspråk, må ein ha kinesiskkunnskapar som tilsvarar HSK Level 4. Nokre fakultet kan krevje høgare nivå.

Liste over emne med kinesisk som undervisningsspråk: ¿¿¿¿¿¿¿¿ (nccu.edu.tw)

Liste over emne med engelsk som undervisningsspråk:NCCU List of English-Taught Courses

NCCU tilbyr gratis kurs i mandarin for utvekslingsstudentar. Desse kursa er ikkje dei samme som kursa i alternativ 1.

Det er ikkje høve å kombinere alternativ 1 og alternativ 2.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta frie studiepoeng som del av bachelorgraden, kan du velje emne fritt innanfor humanistiske fag. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

moltke.nccu.edu.tw/qrycourse/qryEngSub.jsp

Studieavgift

Studentar som tek emne ved eit av fakulteta ved NCCU betaler ikkje studieavgift. Avtalen med NCCU inneber at UiB får ein friplass for kvar student som NCCU sender til UiB.

Studentar som tek intensivt kinesiskkurs betalar studieavgift.Studieavgifta ligg på mellom 27 500 og 33 000 taiwanske dollar (9000 - 10 500 kroner) per undervisningstermin.UiB-studentar må vere ute i to undervisningsterminar for å få godkjent 30 studiepoeng.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

National Chengchi University (NCCU) blei grunnlagd i 1927 i Nanjing, Kina, før det blei flytta til Taipei i Taiwan i 1954. Campus ligg i fjellområdet Maokong, 20 minutter frå sentrum av Taipei. Universitetet spesialiserer seg i humanistiske, samfunnsvitskaplege fag og digital teknologi. Universitetet har om lag 16.000 studentar på bachelornivå, 9000 masterstudentar og om lag 1600 internasjonale studentar.

Til tross for nærleiken til storbyen Taipei er det mykje natur i området. Campus er omgjeven av fjell og elvar, og det er mykje tedyrking i området.

Bustad

Det er tre områder med studentboligar på NCCU. To områder ligg på campus, medan eitt ligger utanfor campus. Det finst enkeltrom og rom på deling for opp til fire personar.

NCCU kan hjelpe med å finne bustad utafor campus.

Semesterinndeling

Haustsemesteret varar frå september til slutten av januar. Vårsemesteret varar frå midten av februar til slutten av juni.

Chinese Language Centre har ein noko annleis termininndeling. For eksakte datoar, sjå denne sida.

Informasjon