Hjem
Studentsider
bilateral

The George Washington University og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår)

  • LandUSA
  • ByWashington, D.C.
  • Studieplassar4
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterstudiet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til ved George Washington University må du ha eit karaktersnitt på rein C eller betre, og du må ha fullført alle emna til og med 3. studieår.

Om tal på plassar: Til George Washington University kan ikkje fakultetet fordele det totale antalet plassar fritt mellom semestra. Sjølv om vi har totalt 4 plassar, kan maks 2 studentar utveksle i haustsemesteret, og maks 2 studentar utveksle i vårsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godkjente som spesialemne på siste studieår av mastergraden i rettsvitskap (2003-studieordninga og 2021-studieordninga). Det er to emne som er obligatoriske for utvekslingsstudentar: Fundamental Issues in US Law (6694) og

Legal Research and Writing for International LLM Students I (6692). Utanom desse to emna tek du fag saman med dei amerikanske studentane som går på "Law School", og du vel fag frå JD-programmet.

12 credits per semester tilsvarar 30 studiepoeng. Emna ved GWU gir frå 1 til 4 credits, og talet på credits fortel deg og kor mange timar undervisning du vil ha i dette faget kvar veke.

denne nettsida finn du oversikt over emna ved GW Law School. Ver oppmerksom på at ikkje alle emne blir tilbydde kvart år. Faga 6694 Fundamental Issues in US Law og 6692 Legal Research and Writing for International LLM Students I er obligatoriske.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje har same innhald som emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.

Vil du ta ein LLM ved GW University seinare?

Etter å ha vore utvekslingsstudent ved GWU er det mogleg å søke opptak til LLM-programmet ved GWU og få emna som er teke mens ein var utvekslingsstudent godkjende som del av LLM-graden. Om ein får opptak til LLM-programmet ved GWU betaler ein ordinære skulepengar for dei emna som gjenstår for å kunne oppnå LLM-graden.

Studieavgift

Studieåret 2025/2026 blir det tilbod om to (2) gratis utvekslingsplassar ("Exchange") for eitt semester i haustsemesteret og to (2) gratis utvekslingsplassar ("Exchange") for eitt semester i vårsemesteret. Gratisplassane blir tildelte dei med best loddnummer i loddtrekninga.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Om forsikring

Ved amerikanske universitet er det oftast eit krav at studentane kjøper helseforsikring gjennom universitetet. Prisen på helseforsikringa ved The George Washington University finn du på denne nettsida.

Dersom du har kjøpt eiga forsikring for studentar i utlandet, slik UiB på det sterkaste anbefaler alle å gjere, kan du prøve å søke om fritak (insurance waiver) frå universitetet si forsikring. Det er den enkelte student sitt ansvar å skaffe eiga forsikring og søke fritak (insurance waiver) ihht instruksane som blir gitt ved vertsuniversitetet.

Dei siste åra, etter at Norge og HELFO avslutta samarbeidet med den amerikanske forsikringsagenten Optum, har fleire studentar frå fakultetet erfart at det ikkje lenger er mogleg å få fritak. Studentar som ikkje får fritak, må sjølve betale for forsikringa ved vertsuniversitetet eller ei anna amerikansk helseforsikring med dekning på same nivå. Lånekassen gir ikkje ekstra støtte til å dekke denne forsikringa.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

George Washington University, ofte forkorta til GW eller GWU, blei grunnlagt i 1821 og var det første universitetet i Washington D.C. Det er i dag framleis det største universitetet i Washington D.C: med om lag 11 500 lågaregradsstudentar og 15 000 studentar på høgare grad. George Washington University har tre campusar: Foggy Bottom Campus, Mount Vernon Campus og Virginia Science and Technology Campus. School of Law ligg på Foggy Bottom som er hovudcampusen, og denne ligg berre eit par kvartal frå Det kvite hus, Verdsbanken, Det internasjonale valutafondet og National Mall der ein finn alle dei kjende monumenta i Washington D.C. Plasseringa i umiddelbar nærleik til viktige nasjonale og internasjonale institusjonar gjer at mange spanande gjesteforelesarar bidreg i undervisninga ved GW Law.

Washington D.C. er USAs monumentale hovudstad. Byen er i dag ein spanande, men trygg storby, med eit rikt kulturtilbod. I sentrum av byen finn ein Kongressen, Det kvite hus, ei lang rekke monument og offentlege administrasjonsbygg. George Washington University ligg i sentrum, berre eit steinkast frå dei nemnte monumenta.

Bustad

Utvekslingsstudentar til Law School må finna bustad på den private marknaden og er ikkje omfatta av campusbustadgarantien som gjeld for utvekslingstudentar på lågare grad. George Washington University bistår med tips til korleis ein skal gå gram.

Semesterinndeling

August til desember og januar til mai.

Informasjon