University of Technology, Sydney og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 3. og 5. studieår)
- LandAustralia
- ByBroadway
- Studieplassar4
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeBilateral
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. og siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap. For å vere kvalifisert til utveksling til University of Technology, Sydney må du ha eit karaktersnitt på sterk C eller betre.
Om tal på plassar:
Fakultetet har 4 plassar for eitt semester, to for studentar på siste studieår på hausten og to for studentar på 3. studieår på våren.
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråket er engelsk.
Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregåande skule treng ikkje å avlegge IELTS/TOEFL-test
Kva emne kan eg ta
Utvekslar du på 3. studieår tar du juridiske emne som blir godkjente som valemne på 3. studieår.
Utvekslar du på 5. studieår tar du juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (10 sp) og fordjupingsemne (20 sp).
Her kan du ta ein 360 graders virtuell rundtur på campus
Her finn du videoar der tidlegare utvekslingsstudentar til UTS deler erfaringane sine
Utveksling på 3. studieår:
Studentar som utvekslar som del av tredje studieår skal velje emne blant undergraduate-emne innan juss.
På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet ved University of Technology Sydney. (Vel "Law" og "undergraduate")
24 credit points ved UTS er det same som 30 studiepoeng.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje har same innhald som emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.
Utveksling på siste studieår:
Studentar som utvekslar som del av siste studieår skal velje emne blant postgraduate-emne innan juss.
På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet ved University of Technology Sydney. (Vel "Law" og "postgraduate")
24 credit points ved University of Technology Sydney er det same som 30 studiepoeng.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje har same innhald som emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.
Studieavgift
Det er vanlegvis ingen skulepengar på denne avtalen.
Studieåret 2025/2026 disponerer fakultetet fire gratisplassar, to til studentar på tredje studieår og to til studentar på siste studieår.
Ein skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.
Merk: frå 1. juli 2024 auka australske visummyndigheiter kostnaden for å søke om visum til AUD 1600.
Utveksling med skulepengar:
Avtalen forutset at utvekslinga mellom UiB og UTS er gjensidig. Dersom det over tid blir ubalanse i talet på studentar som har utveksla, kan vi istaden sende studentar som betalar skulepengar inntil balansen er gjenoppretta. Per 2025 er skulepengane på 11 280 AUD for eitt semester (24 credit points). Studentar frå UiB får ein rabatt som per 2025 er på 1400 AUD.
I god tid før søknadsfristen vil det gå fram av denne nettsida korvidt det er tilgjengelege gratisplassar for det kommande studieåret, eller om utveksling til dette universitetet vil innebera at ein må betale skulepengar.
Studieåret 2025/2026 er det ingen plassar med skulepengar, kun gratisplassar.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
The University of Technology, Sydney (UTS) vart etablert i 1988 og er dermed eit av dei nyare universiteta i Australia, sjølv om røttene strekker seg tilbake til 1870. UTS er eit offentleg universitet, og er rangert som nummer éin blant dei nye universiteta i Australia. UTS har 9 fakultet og "schools", og campusen ligg i utkanten av businessområdet i Sydney. Studenttalet ved UTS som heilskap er nær 50 000 studentar, medan det er om lag 2000 studentar ved Law School.
Sydney er hovudstaden i den australske delstaten New South Wales og har over 4 millionar innbyggjarar. Byen er den største og viktigaste i Australia når det gjeld finans, transport, handel og kultur. Sydney er ein populær global og nasjonal turistdestinasjon, og blir gjerne omtalt som ein av dei flottaste og mest livlege byane i verda. Klimatisk ligg Sydney i den tempererte sona, og nyt godt av varme somrar og milde vintrar.
Bustad
Universitetet har har studentbustader på campus og ein kan søke om å få bu der. Det er ikkje plass til at alle utvekslingsstudentar kan få rom her, og ein bør difor også byrje å sjå etter bustad på den private leigemarknaden parallelt med at ein søker om bustad på campus.
Dersom ein ikkje få bustad på campus, tilråd UTS at ein kjem til Sydney eit par veker før studiestart og bur i mellombels husvære medan ein leiter etter permanent husvære.
Semesterinndeling
Frå juli til november og frå februar til juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.uts.edu.au/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb9892
- FagnavnJuridiske fag