Hjem

Utdanning

erasmus+

Universität für Musik und darstellende Kunst in Wien og Griegakademiet - Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • ByWien
  • Studieplassar1
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emne som erstattar hovedinstrument (25 studiepoeng) og utøvande støttedisiplin (5 studiepoeng). Vidare kan du òg ta 30 frie studiepoeng og få desse innpassa i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität für Musik und darstellende Kunst in Wien blei etablert i 1817 etter modell frå musikkonservatoriet i Paris. Lærestaden er ein av dei største av sitt slag i verda, med rundt 3000 studentar. Det driv med forsking og utdanning innanfor eit breitt spekter musikalske disiplinar og utøvande kunstformer.

Wien er hovudstad i Austerrike og har om lag 1,7 millionar innbyggarar. Byen er kjend for musikarane og komponistane sine, i tillegg til meir kulinariske kulturprodukt, som Wienerschnitzel, Sachertorte og Apfelstrudel. Eit anna nemneverdig fenomen er kaffihustradisjonen. Det første kaffihuset kom allereie i 1685, og Wiener Kaffeehaus blir stadig rekna som ein viktig del av byen sin identitet og kultur.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader. Det oppfordrar utvekslingsstudentar om å ta kontakt med den lokale studentsamskipnaden eller Austrian Exchange Service (OeAD), som organiserer utleige av studentbustader i Wien. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad privat om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

Oktober - januar og mars - juni.

Informasjon